17 faklar, oddetal og ein stjernehimmel
- Vibeke
- 12. jan. 2016
- 5 min lesing
Eg var nede i bygda på tur med hunden vår Sherlock, på veg heim til Vidsyn etter ein fin tur i den stjerneklåre vinterkvelden. Eg hadde kledd meg godt med vottar, sjal og hue, tjukk jakke og utebrok, for det var gnistrande kaldt ute. Eg rusla av garde varm og god. Litt stiv i rørslene på grunn av påklednaden, og med litt innsnevra syn og hørsel på grunn av hette og skjerf. Eg gjekk der i mi eiga boble: Rolege tankar rusla omkring i hovudet og eg hadde det rimeleg bra.
Plutseleg tende eit stort og underleg lys i himmelsjå, akkurat der fjellet møter himmelen. Lyset var så skarpt at det reiv meg ut av bobla mi. Kva i alle dagar var dette for noko?
Med eitt lea lyset på seg. Så delte det seg og vart til to lys. Så forsvann dei begge - og så var dei der igjen.
Eg hanka fram mobilen frå jakkelommen i ei fart. Med store og glatte ullvottar, Sherlock som drog i bandet og hua som glei ned i auga mine, kava eg på for å fange fenomenet på film. Dette måtte dokumenterast før det forsvann!
Men lyset forsvann ikkje. Det heldt fram, vidare bortover fjellryggen.
Det er nemlig blitt veldig populært å gå på fjellet med hovudlykt her på Flatraket. Gjerne langs fjellryggane og opp i brattaste bakkane. I mørkna sjølvsagt. Det var to slike lykter eg hadde sett der på fjellkammen. Toskeskap! Fjella står der i dagslys óg, de kan gå medan det er lyst så de ikkje går dykk utfor og bryt både føter og anna!
Då eg var nesten heime, trefte eg nabofolket som - ja nettopp - hadde vore på fjellet i mørkna. Eg lurte på om det var dei eg hadde sett med lys på hovudet over Lyngahornet, og var ganske klar for å seie kva eg meina om denslags fjellturar.
Nei, det var ikkje dei eg hadde sett. Dei kom nemleg frå Austadalsvatnet, eit lite vatn fram i dalen. Dei fortalde at der hadde dei tent faklar, stått på skøyter på vatnet, drukke kakao og kosa seg glugg.
Haka mi datt eit hakk og munnen opna seg, men det kom ikkje eit ord om toskeskap.
- For ein stjernehimmel vi har! Og du ser den så fantastisk godt der oppe, sa Kjell-Børre.
- Det har vore ein magisk kveld, sa kona Anne-Kirsten, og dottera Signe var så einig. Denne opplevinga hadde gjeve Signe meirsmak og ho gledde seg allereie til neste tur kvelden etter.
- Det er dette som er livet! I Bergen var det berre partala som fekk køyre bil i dag, der er det så helseskadeleg luft at folk med astma ikkje må gå ut, lo Anne Kirsten, og rista på hovudet.
Endå ein nabo, Gunn Helen, hadde kome til og stemde i: Ja Ivar Ole (bror hennar) bur jo i Bergen. Han var sur fordi han skulle i eit møte inne i byn, men har oddetal i bilskiltet.
Eg kjende tankane mine endre seg medan eg stod der. Der gjekk eg og surna over folk som går med hovudlykt på fjellet, og så er opplevinga deira ikkje mindre enn magisk, rett utanfor vindauget mitt! Og i Bergen kan stakkarane knapt gå utfor døra?
- Eg og vil!
No måtte det handlast raskt før fornufta og latskapen tok meg. Eg sende sporenstreks ein sms til venninna mi Vigdis. Eg ville jo ikkje gå aleine, og ho er truande til å bli med på slikt.
Eg måtte få plass til turen mellom kl 16 og tid kl 20 dagen etter, sidan eg allereie hadde gjort eit par avtaler. Vigdis var gladeleg med, men også ho hadde avtaler som skulle haldast. Vi enda opp med å avgrense turen til avgang kl. 17 og vere heime seinast kl 20 til eit webinar. Det tek omlag 45 minutt å gå opp til vatnet, iallfall for oss som ikkje har gått oppover så mykje i det siste.
Eit kvarter forsinka traska vi oss av garde. Eg hadde klart å få med meg Tiril, og Vigdis hadde yngstejenta Elisabeth med. Vi trefte Anne-Kirsten som slo følgje, og straks kunne lyset frå fem hovudlykter som blinka oppover dalsida sjåast frå bygda.
Anne-Kristen har gått vegen til Håkonshallen hundrevis av gonger, og då lyg eg ikkje. Og takk og lov for det. No er der merka med raude løypeprikkar på steinar og berg, men når ein går der heilt bakarst og strevar litt med både pusten og balansen, har ein i grunnen nok med å halde blikket festa på bakken rett framfor seg. Sjølv med ein erfaren sherpa i tet var vi ute av stien eit par gongar, men ikkje verre enn at vi fann Austedalsvatnet til slutt.
Og for eit syn som møtte oss då vi kom over siste haugen! 17 tende faklar omkransa det vesle vatnet og med Karlsvogna på himmelkvelven som tindra om kapp med logane, var det nesten storslått. Vigdis fekk tårer i auga på heile greia.

Vi kom oss ned til vatnet og vart mottekne av Kjell-Børre og Signe som hadde lagt i veg tidlegare for å tende faklane. Vi la ut sitteunderlag, henta fram kakaoen og sette oss ned. Vi gleda oss verkeleg over tiltaket og stunda. Takknemlege overfor dei som kom på ideen, og glade for at vi greip høvet og kom oss opp på fjellet.

Det hadde tydelegvis gått gjetord om idyllen, for det kom fleire hovudlykter både frå eine og andre sida av fjellet, og til slutt var det mykje latter og godprat både rundt og på isen.
No hadde eg den avtalen kl 20, så etter ein god time måtte vi ta til på returen, denne gongen utan Anne-Kristen. Med lyset frå bygda å sikte etter gjekk det likevel greitt å kome seg ned att, sjølv om vi vingla litt no også.
Då vi var nesten heime, sette vi oss beint ned og halla oss bak i lyngen. Klokka var nær 20 og eg hadde knapt tida og vegen, men det vart brått viktigare å få med seg eit par stjerneskot på himmelen enn å rekke webinaret som venta heime. Vi låg der i lyngen og peika ut stjernebilete, fortalde det vi kunne om dei og såg satellittar sige over Melkevegen. Jentene småpludra og det var dammande stilt. Sjå det for deg.
Morgonen etter hadde eg fri frå jobb, og eg låg framleis i senga då Tiril gjorde seg klar for å gå til skulebussen. Venninna Emma kom innom medan Tiril tok på seg skoa, og eg høyrde Tiril fortelle med patos og entusiasme om turen på fjellet kvelden før.
Berre nokre dagar inn i det nye året, hadde Tiril og eg skapt eit av dei beste minna vi kjem til å ha frå 2016.
No kan nok nokon syns at dette framleis er toskeskap og mykje strev for lite. Fylle sekken med faklar og skøyter og drage det langt til fjells. Kave seg opp og ned i timesvis, over islagde berg og på steinete stiar i mørkna, med berre ei lykt på hovudet til lys. Og det for ein time ved isen. Mogleg det, men tiltaket gav meg noko eg vil hugse med eit smil i lang tid framover.
Det er berikande å gripe dagen, eller dagen etterpå om du vil. Ved å sette til sides eit par fordommar og litt latskap, fekk vi med oss noko utanom det vanlege. Og som Anne-Kirsten sa: Det smakar betre når ein har jobba litt for det.
Takk for inspirasjonen og takk for turen!
Comentarios