top of page

Falske minner og selektiv hugs

  • Vibeke
  • 15. jan. 2016
  • 6 min lesing

Eg var på veg til frisøren på Eid her ein fredag. I bilen hørte eg på programmet EKKO på favorittkanalen P2. Tema var falske minner med programleiar Rikke Eckhoff. Favorittreporter Vibeke Røiri intervjua folk der spørsmålet var om dei stolte på hukommelsen sin. Nokre sa ja og andre nei. Nokre kunne fortelle historier som dei trudde dei hadde opplevd, men så var det gjerne eit søsken historia eigentleg handla om. Andre hadde også oppdaga at dei rett og slett hadde falske minner, altså oppkonstruerte eller veldig redigerte minner. Svært interessant.

Mellom anna var rettsaka til Tomas Quick og fetteren til Birgitte Tengs tema, der begge tiltalte tilsynelatande hadde utvikla falske minner. Skræmande nok også i Bjugn-saka. Der skal fleire barn ha fått implementert falske minner ved at intervjuteknikken som vart brukt var for visualiserande og det vart nytta lukka og leiande spørsmål.

Mindre alvorleg er det med dei falske minna som vi lagar oss i kvardagen. For eksempel meiner eg heilt bestemt at eg stod framfor disken på gamlebutikken på Flatraket og kjøpte snop i spisspose av Leif med stivefoten. Det kan eg ikkje ha gjort sidan butikken stengde i 1971, og eg er fødd i september 1970. Eit falskt minne, men det står likevel svært levande for meg. Det kan vere fordi eg har sett bilete derifrå og er blitt fortalt historier, og kanskje fordi eg har sjokoladeskapet som stod i butikken heime hos meg.

Eg hugsar også at eg som 6-7 åring var brennsikker på at eg hadde passa far min i barnevogn då han var liten. Det stod så levande for meg at eg spurte pappa om han verkeleg ikkje kunne hugse det. Det gjorde han altså ikkje, så eg har måtta innsjå at det ikkje er fakta.

Psykolog Ellen Margrethe Wessel sa i P2-programmet at det er folk med rik fantasi som lagar flest falske minner. Det høyrest jo rimeleg ut, eg har ikkje vore plaga med for lite iallefall, sjølv om det kanskje har vesna med åra.

Eg kom over Pusur-bøkene mine frå ungdomsskulen og vidaregåande for ei tid sidan, og eg ser at eg har utvikla falske minner om så forskjellig. Mykje er nok blitt glatta over, justert og redigert etterkvart som dagane har gått. Ein skal jo leve med seg sjølv! Trass all galskapen vi fann på i den tida då det var dans kvar helg, vi haika til Måløy og der var så uendeleg mange kjekke folk vi ville treffe, så er det mange gode minner, redigert eller ikkje.

MEn det er ikkje berre eg som slit med falske minner. Arne, ein klasseven frå vidaregåande, seier stort sett kvar gong vi møtest at eg skuldar han ei kasse Solo. Det gjer eg fordi han hevdar han slo meg i sjakk (seriøst!!), og ei kasse Solo var veddemålet. Eg meiner eg vann, eller at det i det miste enda i remis. Eg trur han har utvikla eit falskt minne…

DEI VONDE MINNA

Så er det dei minna som ikkje er så gode. Der eg gjorde noko eg ikkje er stolt av, eller vart utsett for noko vondt. Der ein fekk smake på frekke ord og erting, løgn og ryktespreiing. Kvite og svarte løgner som vaks og vart til store kranglar i venninnegjengen og som splitta oss i dagevis. Intime detaljar som vart fortalt hudlaust og i løyndom, for så å bli kviskra vidare.

Minna har både eskalert og blitt svekka, stort sett til fordel for ein sjølv eller dei ein vil beskytte. Det må vere ein naturleg mekanisme vi har i hjernen, utvikla for at vi skal komme over det, for å kunne gå vidare.

Då jentene var 6 og 11 år, vart eg aleine med dei. Det er ikkje til å stikke under ein stol at det var ei tung tid. Det var stor hjertesorg og heftig raseri, forbanning og såra sjølvkjensle over det eg oppfatta som eit ufatteleg svik. Ord og handlingar som var blitt sagt og gjort vart gjentekne i det uendelege, veid, vridd og vurdert, tolka til yttergrensene og tilbake igjen. Det var slitsamt og tok mykje av tida og hovudet mitt. Det oppstod nok mange falske minner i denne tida, som ein reiskap for å klare å takle det heile.

Etter ei tid, innhylla i denne skodda som var produsert av dråpar frå både meg sjølv og velmeinande familie og vener, letta disen smått om senn. Realitetane slo inn over meg. Kven var det eg plaga mest med desse tankane og sjølvmedkjensla? Kven var det som måtte tole det? Det var to uskuldige jenter - og meg sjølv. Ingen andre enn vi tre lei under min måte å takle det på. Eg måtte endre meg om eg skulle kome vidare. Andre sine handlingar kunne eg gjere lite med.

Om nokon hadde sett meg trakke rundt på stovegolvet etter at jentene hadde lagt seg, ville dei nok fått assosiasjonar til den godaste Gollum: Eg veksla mellom ”hikstande sorgtung” til ”rasande frustrert” med mantraet: Skjerp deg Vibeke, Skjerp deg Vibeke innimellom det heile. Men det fungerte for meg. I denne prosessen måtte eg erkjenne at falske minner var blitt produsert i arbeidet med å halde meg oppe den vanskelegaste tida, og at selektiv hukommelse faktisk er eit reelt fenomen. Men eg trengte det der og då.

DET LYSNAR AV DAG

Etter kvart torde eg å ta fram att minna, også dei eg hadde stabla lengst bak. Litt etter litt skrella eg av dei, lag for lag. Fjerna det som var lagt til, henta fram att det som var trekt frå, og prøvde å sjå inn til kjernen. Det var vondt, men det var dønn ærleg – og frigjerande. Eg erkjende der eg hadde gått feil, klappa meg sjølv på skuldra for det eg hadde gjort rett. Og gjekk vidare.

Så enkelt og så vanskeleg. Men som med alt anna er det ein viss innsats som skal til. Det skjer ikkje av seg sjølv. Gry Sinding, eit fyrverkeri av eit menneske som sett meg på sporet av mange gode løysingar, seier at ein skal tenke: Denne erfaringa – uansett kor vond, korleis kan det vere noko av det beste som har hent meg? Ein skal ha litt tid på seg før ein tek den tonen, men den er verd å prøve seg på. Kva kan du lære om deg sjølv, av andre og av hendinga og prosessen? Om du tillet deg å velje det, vil motgang til slutt gjere deg sterk.

ENDRINGAR

For å ikkje gå i same fella igjen prøver eg, så langt eg kan, å vere så ærleg som mogleg både med meg sjølv og andre. Tru meg når eg seier at livet mitt er så mykje lettare når eg har fakta å halde meg til! Ein slepp å forklare seg, ein slepp å finne på lure unnskyldningar som kjem tilbake og klaskar deg i ansiktet, og ein slepp å stå der med hysetrynet og raude kjakar om ein blir ferska. Det er beint fram frigjerande! Drama er ikkje mi greie. Ikkje no lenger i alle fall. Eg skal ikkje seie at eg ikkje tolkar og synsar i ny og ne, men eg prøver så godt eg kan å halde meg frå det.

Kjem eg i ein situasjon der eg må seie noko som ikkje er så kjekt å seie, så går det an å gjere det på ein fin måte. Heller det enn å feige ut. Ein treng absolutt ikkje buse ut med: Eg likar ikkje! Ein kan seie som mi ofte kloke venninne Judith: Eg er ikkje så begeistra.

NESTE BLOGG

Tilbake til frisøren på Eid. Inge, som han heiter, er ein engasjert fyr. Saman med kone og barn har han flytta til ein eldgammal gard inn på Lid, vekk frå bylivet på Austlandet. Han og familien er av dei som har gjort eit stort grep i livet for å gå for det ein tenkjer er draumen, eller i alle fall gje seg sjølv sjansen til å finne den.

Via spegelen framfor frisørstolen diskuterte vi miljø og forbruk medan lokkane fall rundt meg. Kva er det vi treng her i livet, kvifor vil alle ha det same; dei same interiøra, vasane, dei nyaste mobiltelefonane, og dei same kleda? Og det i mengder vi ikkje klarer å bruke opp før det vert bytta ut med noko nytt. Vi var veldig samstemde i at det er på tide at folk vaknar opp. Vi må slutte å fylle skuffer og skap, og å produsere så himla mykje søppel. Back to nature – eller iallfall må vi ta betre vare på den. Det er på tide å gje avkall på noko av overfloda.

Så kom eg til å tenke på Nespressoen min heime. Eg har hørt at den visstnok er opphav til enorme mengder søppel og energisløseri. Det gjer ikkje saka betre at det er giganten Nestlé som tenar pengar på den. Men eg elskar jo Nespressoen min!

Eg har visst ei grense for kva komfort eg er villig til å gje slepp på, sjølv for miljøet si skuld.

Men overfloda mi skal eg gjere noko med. I neste blogg ryk det til både det eine og det andre! Er det mogleg du kan bli inspirert til å gjere det same?

 
 
 

Comentarios


101 ting er for deg som vil vere med når eg for eksempel:

 

- ryddar ut og opp

 

- skal lære å bruke mindre

 

- lagar noko

 

- hoppar i det

 

- spekulerer på ting

 

 

 

 

 

 

© 2016 by Vibeke Kroken. Proudly created with Wix.com

bottom of page