top of page

Luksus - overforbruk eller rein nyting

  • Vibeke
  • 19. jan. 2016
  • 6 min lesing

No pustar eg litt lettare, av fleire grunnar. Først av alt, ref. forrige blogginnlegg; Nespressoen min er meir miljøvenleg enn vanleg filterkaffi! I følgje ei oversikt på www.framtiden.no er den i alle fall det, så eg tek det for god fisk. Flaks for meg, sidan eg svært gjerne vil vere miljøvenleg samstundes samstundes som eg nyt goder frå velstanden vår.

Framtiden i våre hender fortel at for å lage ein kopp kapselkaffi trengs det berre halvparten av bønnene som går med til vanleg filterkaffi, og difor er både vassforbruket og klimautsleppa mindre. Pulverkaffien er det mest miljøvenlege alterniativet i så måte, men sidan eg resirkulerer kapslane, som er det mest belastande når det kjem til kapselkaffien, så eg føler i grunnen at eg er på pluss-sida reint miljømessig. Det er fort gjort å resirkulere, skaldyrbestikket er fint til å få ut kaffien frå kapselen. Kaffien går til rosene, eller i bioavfallet no om vinteren, og aluminiumen leverer eg i glas- og metallcontaineren.

Når det er sagt, så forbrukar eg store mengder traktekaffi også. På jobb går det kopp på kopp. Ikkje fordi eg drikk så mykje, men fordi eg har det med å fylle koppen heilt opp, ta eit par slurkar og så går eg i frå den. når eg kjem tilbake, er den blitt kald. Der skal eg skjerpe meg.

LUKSUS I KVARDAGEN

Når eg drikk Nespressoen min, avgrensar det seg til 7-8 koppar i veka. Kvar kapsel kostar litt i overkant, så eg demlar ikkje innpå. Det same gjeld badekulene eg likar så godt. Store, lubne ballar som bruser opp i det eg slepp dei i badevatnet, med eteriske oljar som fyller rommet med vellukt og som smørjer kropp og sjel. Og så kostar dei sin del. Då skal kvart bad nytast om eg så må tvinge meg til det. Låste dører så ingen kan forstyrre, tende lys, behageleg musikk og gjerne eit raust glas vin frå ei av dei gode flaskene. Og så heitt nok vatn slik at det varer. Har ein først opna ei flaske vin så må jo den drikkast i løpet av nokre dagar, og då kjem eit slikt bad fort opp i nokre lappar. Eg gjer det likevel.

Men altså, badekulene er kostbare og lite tilgjengelege. Eg kjøper mine som oftast på desse butikkane som berre lagar herlege ting som skal nytast på badet. Dessutan er dei mot testing på dyr, for rettferdig arbeid og miljøvern, så eg betaler med godt samvit. Butikkane fins berre i byar så det blir heller sjeldan eg får handla, men er eg i byn så er eg innom. Når eg går ut derifrå har eg stort sett brukt opp vekepengane mine, for å seie det slik.

Sidan tilgangen er såpass knapp, har eg bestemt meg for å prøve å lage sjølv. Eg er mot testing på dyr og for rettferdig arbeid og miljøvern eg også, så eg stiller likt med butikkane, så langt. På Pinterest lovar både den eine og den andre at det er superenkelt å lage desse ballane, så det vil bli testa ut snart, og delt med dykk. Det står att å sjå kor lett det er.

Luksus ja. I ei ordliste eg fann på nett, står det forklart med overdriven prakt; overdrive forbruk. Sjølv om det ikkje er min personlege definisjon, så skal eg halde meg til den siste ein augneblink – for då har eg eit par luksusområder i heimen. I skapet der eg har vasane mine, i puffane der eg har alle ledningane og kablane mine, og på hemsen der alle dei deilige putene mine ligg. Og blomsterpottene, lysestakane, dukane, dynene som blir stua bort, kokebøkene eg aldri brukar. Og hobbyrommet mitt, med alle dei uferdige prosjekta. Den mengda du finn i mitt hus, er nok

overdriven.

HIV!

Det er ikkje mogleg for meg å ta alt på ein gong, så eg startar i ein ende.

Kablar og leidningar. Eg må tilkalle eksperthjelp, og då er fetter Kjetil best. Han har peiling på kablar, og så har han lite slingringsmonn og er ikkje tilhengar av unødig tant og fjas. Eg kan røpe at julepynten hans i 2015 var ei julestjerne mor hans hadde til overs, og eit julekort frå sjølve landsmoderen, Erna Solberg. Og han var vel nøgd med det.

– Hiv! er Kjetil si klare melding.

Og eg hiver. Scart-kablar og telefonledningar – dei kjem visstnok ikkje til å bli brukt igjen. Eit titals utrangerte mobilladdarar, mono- og fono-kablar, nokre avdanka bluetoothgreier og fleire straumforsyningar frå pc-ar som har takka for seg. Eg må ha samla på det i tilfelle det skulle dukke opp eitkvart. Kva det skulle vere, veit eg ikkje. No er ikkje kablar i seg sjølv for luksus å regne, men antalet vitnar om eit visst forbruk opp gjennom tidene. For kvar mobilladdar har der vore ein telefon, for kvar straumforsyning har der vore ein PC. Det er nesten vanvittig.

Når vi er ferdige har to fulle puffar blir til over botnen på ein. Kjetil plukkar med seg det han kallar ”fine” kablar. Mannen er IT-ansvarleg i den vidaregåande skulen og utøvande musikar, så slikt gjev nok sikkert meining for den sorten. Eg visste ikkje eg hadde ”fine kablar”, men er glad for å bidra til både Fylkeskommunen og Vassverkgutane. Resten går i elektrobosset.

I MESTE LAGET

Så er det vasane mine som skal ut og fram. Eg skjemst når eg må konstatere at eg har 42 stk. Er det normalt? No er dette frå bitte små til dei som rommar eit par liter, men likevel.

Eg vurderer og ser, plukkar fram og tilbake på bordet. Nokon ryk til med lett hjarte, andre ikkje. Eg vil i alle fall halvere samlinga. Til slutt klarer eg det – 19 står att på høgresida, medan dei 23 på venstresida har fått utreisevisum. 19 er moglegvis i meste laget det også.

10 av dei utsorterte har søkt om midlertidig opphaldsløyve hos Judith som skal ha konfirmasjon til våren. Etter det skal dei vidare til loppemarknaden til Turid Breidalen i Måløy. Kanskje får dei kome saman att med dei andre 13 som også hamnar der, det kjem an på om dei har fått asyl i nye heimar eller ikkje.

Av dei eg har igjen, har eg sikra at eit par passar til den vesle vase-oppfinninga mi. Ein tom tennbrikett-boks og litt tapet er blitt til ein fin vase-skjuler som passar perfekt i gangen min.

Ikkje så fin vase, men stødig og god. Med vase-skjuleren på plass gjer den nytte for seg den og.

Siste objektsamling som må til pers denne gongen, er putene mine. Eg er svært glad i lekre stoff, struktur og fargar, og har det alltid litt vanskeleg med å gå frå slikt når eg kjem over det. For meir enn 15 år sidan kjøpte eg eit stoff til 1900 kr meteren. Då hadde eg sikla på det lenge, og eg kjøpte så mykje som eg hadde spart til. Det kom i bruk som sengegavl for 4 år sidan. Då hadde det blitt henta fram og kjent på, sett på og vurdert kva eg skulle få brukt det til og så pakka ned att, i minst 11 år.

Puter derimot, kan ein få i alle prisklasser, teksturar og fargar - og så er dei mjuke og gode! Lette å friske opp heimen med er dei også, og ikkje et dei noko mat. Men likevel, samlinga mi byrjar ta for stor plass. Ikkje berre på hemsen, men også i hovudet mitt.

Etter vase-sorteringa er det mykje lettare å bli kvitt puter – eg har liksom fått anden over meg og det må takast litt i om det skal monne. Eg finn at eg har 11 putetrekk utan pute i. Blant dei er to trekk eg kjøpte i Tyrkia for 12 år sidan. Eg trur dette er første gongen dei ser dagslys etter heimkomsten. Vidare er der 25 puter med trekk og 6 puter som ligg der aldeles nakne. Altså 31 puter. Eg tek vare på 8 til meg sjølv, 1 pute og 2 trekk til Marte og så får mor 5 som ho skal teste ut i sin sofa. Resten går til Turid med loppemarknaden.

Desse blei att heime. Biletet i headingen var utgangspunktet.

Eg kjenner det letnar og eg gler meg til å ta fatt på resten. Kanskje ryk det med enda eit par vasar. Eg kjenner at det er litt luksus å fjerne så mykje også. Og kanskje litt dekadent. Tenk å ha så mykje at eg utan problem kan kvitte meg med meir enn halvparten, utan at eg kjem på potta med noko som helst. Og målet er sjølvsagt å ikkje auke igjen. No gjeld prinsippet ein inn – minst ein ut. Det er liten vits i å tømme for så å fylle oppatt, eg strekkjer meg jo mot å eige mindre.

OVERFLOD, BRUK OG KAST

Eg har ein kjenning som jobbar i ei av desse billig-kjedene som sel alt frå serviettar og lesebriller til shampo og kostebrett. Ho fortalde at dei kastar conteiner på conteiner med varer i løpet av året. Ikkje fordi dei er øydelagde eller utgått på dato, men fordi det skal bli plass til fleire, nye varer. Slikt kan eg, i prinsippet, ikkje vere med på å støtte opp om. Hadde berre stearinlysa deira ikkje vore så gode! Eg prøver så godt eg kan, men det hender likevel at eg møter meg sjølv i døra. Men, om eg klarer å ikkje nytte denne typen butikkar i løpet av 2016, så treng eg dei vel strengt tatt ikkje i det heile. Lat meg heller støtte opp om dei lokaleigde butikkane som har fine nok lys dei og. Eg skal gje det eit forsøk – frå no av.

 
 
 

Comments


101 ting er for deg som vil vere med når eg for eksempel:

 

- ryddar ut og opp

 

- skal lære å bruke mindre

 

- lagar noko

 

- hoppar i det

 

- spekulerer på ting

 

 

 

 

 

 

© 2016 by Vibeke Kroken. Proudly created with Wix.com

bottom of page