top of page

Dronning Maud hadde brukt Botox

  • Vibeke
  • 22. jan. 2016
  • 7 min lesing

For 40 er det nye 30, 50 er det nye 40 og no straks er 60 det nye 50. Vi er sprekare, friskare og artigare lenger, og vi skal helst sjå ut som om vi minst er ti år yngre enn vi er, til ei kvar tid.

50-åringane er der på bildet, med hud som ein nyplukka fersken, augnevippar som ein lama og ein liten strek i augekroken med teksten ”Jeg elsker smilerynkene mine”.

Ja visst elskar dei rynka si, etter at dei andre er retusjert bort i Photoshop for å passe til reklameplakaten. Eg hugsar oppstandelsen då eit uredigert reklamebilete av Beyonce for L'Oreal vart publisert. Det viste seg at den då 33-åringe stjerna hadde ujamn hud... Takk og lov for Photoshop!

Vi tek i bruk dei verkemidla vi har tilgang til, til ei kvar tid.

Kleopatra bada i geitemelk – eller var det eselmelk? Freskene av dronninga viser rikeleg bruk av kajal, og kranium i mumiar frå den tida viser spor av kopar i augehola frå sminke. I barokken brukte dei kremar og sminke med bly og arsenikk i for å få kvit hud, sjølv om dei fekk store sår og dauda av det til slutt. Parykkane måtte dei ha i bur så ikkje rottene skulle meske seg med sukker og smør, som var nokon av ingrediensane i dei høge frisyrane. På 70-talet var prøveromma på butikkane ekstra store for at du kunne legge deg ned for å få skvist igjen glidelåsen på dongeribuksa.

EKSTREMITETAR

Det har vore kroppspress og krav om utsjånad i alle tider. Dei snørte ikkje midja med korsett fordi det var så himla praktisk. Ikkje kunne dei ete seg mette for det var det ikkje plass til, og boblene i champagnen måtte rørast ut, elles ville mageknipen ta dei. Det var ikkje rart at damene dåna i tide og utide. Dronning Maud hadde operert bort ribbein for den ultimate timeglasfiguren og 46 cm rundt midja, og ho var ikkje åleine om det. Eg veit ikkje kva anestesi dei hadde i dei tider, men ein skulle jaggu meg ha ekstremt lyst til å bli kvitt dei hersens ribbeina når ein valde legge seg under kniven når det ikkje feila noko anna. Eg håpar ho hadde meir enn ein pinne å bite i.

For tida ser det ut til å vere kontursminke og lausvippar til kvardags, og helst så langt hår at du kan sitte på det. Og har du ikkje det, så kan du få kjøpt i lausvekt og hekte på. Tenåringar som brukar push-up! Kor høgt skal dei?

Nye metodar og oppfinningar opnar opp for nye trendar. 80-talet med blå kajal og farga maskara gav ikkje alle den like freshe looken, men trend er trend og ”alle” brukte det. Det var faktisk ikkje uvanleg å sjå gutar med kajal, men det skal vere sagt; dei skilde seg ut og du skulle passe deg litt for dei. Eller ikkje:).

Men så kjem metodane som det er litt meir tak i. Restylane for å fylle ut rynker, 1500 kroner for lange vippar i nokre veker, innsprøyting av nervegifta botox i fjeset og transplantasjon av feitt frå flankane til rumpa. Det er ikkje berre 50-åringar som vil vere 35 som gjer dette, men 20- åringar som vil starte tidleg med botox slik at rynker ikkje oppstår i det heile.

BOTOX - EIT ALLEMANNSEIGE

Den aller største skilnaden frå då til no er nok at ekstremitetane kun var tilgjengelege for dei aller rikaste i samfunnet. Slik er det ikkje no lenger, sjølv om prisane tilseier at det ikkje bør prioriterast i eit vanleg hushald. 30% på silikoninnsprøytingar og botox-kampanjar med tre behandlingar for prisen av to er visst røvarkjøp, sjølv om ein må ut med 5-6000 kroner nokre gongar i året.

Eg las ein påstand i ei riksdekkande avis om at før var det om å gjere å vere like, no er det selfies som gjeld – vere fin heilt åleine. Vissvass. Gjerne selfie, men selfien din skal likne på dei andre sine fine selifar. For vi snakkar same hår, same augnebryn, same lepper og same sminke.

Eg hugsar godt då eg gjekk på TV-Skolen i Bergen og jobba i Bergen By-TV. Der var det mange individualistar som det høver seg i den bransjen. Men dei som prata mest om kor viktig det var å skilje seg ut, ha si eiga greie, kor meiningslaust det var å vere som ”resten av saueflokken” – dei hadde vikingsmykker og skinnreimer, den same tatoveringa rundt overarmen, og Doc Martens støvlar – alle som ein! Det handlar gjerne om å finne seg sjølv, det tvilar eg ikkje på, men det handlar også om å passe inn, fine si gruppe - sin saueflokk.

Personleg syns eg det er litt pussig at desse jentene i dag vil sjå ut som om dei har kronisk elveblest, for sant å seie er det ikkje mykje vakkert med desse overdimensjonerte leppene. For ikkje å snakke om kolsvartmala, digre augnebryn i eit elles blondt ansikt. Det ser faktisk berre morosamt ut. Men dei ser det ikkje. Ikkje enda. På same måte som vi ikkje såg at eit solid lag brunkrem og pudder som nærast dryssa frå ansiktet - og berre ansiktet, ikkje halsen – ikkje var så pent det heller. Vi såg det ikkje før fæma var over. Det kjem nok til dei og.

I dag er det stort sett polstra BH-ar som er å få i handelen for både unge og vaksne, og er det meir eller mindre gale å gå med hold-in, eller truse med pads for å få sprettrumpe når ein ikkje lenger er velsigna med det?

Eg såg ein vits i Vi Menn ein gong, medan eg framleis hadde både sprettrumpe og puppar som ikkje hadde behov for BH. Det var teikning av ein kar som stod og gledde seg so heise inne på badet, medan han gjorde seg klar for daten som venta i senga. I senga derimot, låg ei lita nervøs og flatbrysta dame med pistrete hår og hengemage. På golvet låg korsett, ein sveisen parykk, sko med høge helar, lausvippar og utstaffert BH. Så det er ikkje eit nytt tema.

Om nokon spør meg om eg kjem til å ta turen innom ein plastisk kirurg ein dag, vil eg nok bli svar skuldig. Sidan eg har lova å vere ærleg så må eg seie det. Eg håper eg ikkje føler at eg må i alle fall. Likevel, eg kan altså ikkje love det. Botox i fleisen kan eg derimot love at det ikkje blir noko av.

Førebels er eg altså relativt godt nøgd og har det bra. Eg trur nemleg det meste sit i hovudet. Det må det gjere, for der er ingen logikk i at eine dagen du kler på deg og syns at du ser søren meg ikkje verst ut, så kan nøyaktig same antrekket neste veke få deg til å kveppe når du ser deg i spegelen og tenkje: Eg kan jo ikkje gå ut slik! Vi skulle nok hatt litt meir av psyken til enkelte karar. Dei sit der i joggebuksa si og syns at både Cameron Diaz og Selena Gomez heilt sikkert ville syns dei var eit passande parti.

No har eg to døtrer, men eg reknar absolutt med det er forventningar til gutane der ute også. Det er klart at når Sofie Elise er kåra til det viktigaste mediamennesket i 2015, og hennar hovudfokus er utsjånad og ikkje palmepolje som ein kan ha fått eit feilaktig inntrykk av, så er nok presset frå utsida noko større enn det vi opplevde. I alle fall meir synleg. Kva gjer vi så med ungane våre som skal vekse opp og tilpasse seg dette?

Mine døtrer er sjølvsagt det vakraste eg veit. Men eg óg forstår at det er viktigare for dei kva andre unge syns, enn kva eg kan fortelje dei. Slik var det for meg også. Det eg kan gjere er å prøve å gje dei den tryggleiken dei treng for å føle seg like vakre som eg veit dei er. Eg kan råde dei og lære dei, men når alt kjem til alt så er det opp til dei sjølve korleis dei vil nytte den lærdomen.

Då eg var ein del yngre, måtte gjennom eit ganske stor operasjon i magen. Det gav sjølvsagt eit arr. Etter å ha vakna opp etter operasjonen sat kjærasten min der og ville seie noko fint til meg, redd som han var. Det han sa var: Eh, eg kjem ikkje til å vere mindre glad i deg fordi du no har eit arr på magen. Mitt svar var: Nei, sjølvsagt ikkje! Med utropsteikn. Eg forstod nesten ikkje kva han sa. Eit arr kan då umogeleg ha noko å bety for kor glad ein skulle vere i kvarandre. Eg reknar med det var tryggleiken eg har fått med meg heimafrå og frå vener, som gjorde meg så overraska over utsegna hans.

Onsdag sat eg i bilen på Lote-kaia og venta. Det var snøføre så eg sende ei melding til mor som visste eg var ute på vegen:

V: - På ferjekaien

M: - Ver forsiktig

V: - Fine vegar

M: - Tenkte på kor fin du er

Så glad eg blei. Eg trur ikkje ho nødvendigvis meinte kor fin eg er i ansiktet, men kor fin eg er fordi eg er den eg er for henne. Og då blir ein jo fin i ansiktet også. Det er berre ein liten promille av oss som er vakre, sånn rett opp og ned. Mange av oss er vakre når vi smiler og er glade, og er vi i tillegg interessante og kjem godt overens, så er vi smellvakre. Då betyr verken svartmala augnebryn eller falske augnevippar noko, og høge vikar eller korte føter er uvesentleg.

Til slutt må eg gje dykk ei søt historie den vakre venninna mi Judith yndar å fortelle med stor sjølvironi. Det handlar om då ho tok selfie med Hans Olav Lahlum på eit bokbad på Min & Din i Måløy. Ho ville sikre seg at biletet var brukande før han gjekk vidare til neste fotografering, men telefonen brukte litt tid. For å halde på interessa hans sa ho, som vanleg i ein lett og smått sjarmerande tone: Du skjønar, eg har sånn forskjønnings-app på telefonen, så det tek litt tid. Då svara han tørt: Ja, det kan jeg forstå.

 
 
 

Comments


101 ting er for deg som vil vere med når eg for eksempel:

 

- ryddar ut og opp

 

- skal lære å bruke mindre

 

- lagar noko

 

- hoppar i det

 

- spekulerer på ting

 

 

 

 

 

 

© 2016 by Vibeke Kroken. Proudly created with Wix.com

bottom of page