top of page

Ei god unnskylding er ei dårleg unnskyldning

  • Vibeke
  • 26. jan. 2016
  • 4 min lesing

Når ein har vondt i viljen er det lett for å finne på ei unnskyldning for å sleppe unna. Eg trur det skjer ganske ofte. Det heng svært ofte saman med trening, iallefall for fleire av dei eg kjenner.

- Skal vi ta ein tur i dalen?

- Har nettopp ete.

- Skal vi ta det seinare då?

- Treningsbuksa mi er i vask.

- Du kan få låne ei av meg.

- Eg slite litt med eit kne…

Kom igjen, vil du ikkje så sei det: Nei eg vil ikkje. Eller eg gidd ikkje. Og stå for det. Då er du i alle fall ærleg, og den som spør kan gå ut ifrå til det. Du blir truleg ikkje spurt igjen med det første. Ditt val – du tek konsekvensen. Meininga var jo at du skulle trene, for du veit du bør, og då har du dumma deg ut aldri så lite for eigen del. Ei god unnskyldning kan fort vere ei bjørneteneste - for deg sjølv.

Dette gjeld sjølvsagt like mykje med alt anna enn trening også, men for meg - og nokon til eg kjenner - har det vore litt vanskeleg å finne motivasjon til å trene. Eg har kome til at det som har mangla, er rette treningsformen.

Jogging er ein billig og grei måte å kome i form på. Hadde det berre ikkje vore så travelt. Og keisamt. No kan eg heldigvis ikkje jogge sidan eg har eit okle (ankel for dykk bokmålsfolk) som ikkje tåler det. For 25 år sidan smadra eg oklet då eg og ein stige ramla ned frå husveggen under maling av hus. Sidan har det blitt nokre operasjonar. No er det ikkje så mykje meir å gjere med labben, så eg må vere litt forsiktig med den. Men, den mangla fullstendig balanse og trengte trening. For å styrke leddbanda og auke rørsla i oklet, sa ortopeden min at eg måtte sykle. Men eg har jo ikkje sykkel! Mor har ergometersykkel, men er det noko eg syns om mogleg er enda meir keisamt enn å jogge, så er det ergometersykkel-sykling.

Når ein må

Eg kjem uansett ikkje unna treninga, eg vil jo ikkje ha ein stiv fot. Eg kan ikkje la det bli ei unnskyldning for å la vere å trene, i allefall. No har det seg slik at når nokon fortel meg kva eg skal gjere – i dette tilfellet sykle, så har eg ein lei tendens til å prøve å finne ei anna og sjølvsagt langt betre løysing enn den som er foreslegen. Sjølv om det er ortopeden som seier det. Difor, før siste operasjon i januar 2015, starta eg med å undersøke litt om yoga. Eg hadde snusa litt bort i det før, men aldri gjort noko vidare med det. Heldigvis budde flatraksjenta Steffi heime ein liten periode før eg opererte i januar i fjor, og ho kan yoga. Ein gjeng med damer klarte å overtale henne til å ta nokre timar med oss, og det var nok til at eg var overtydd om at dette var treningsforma for meg. Ja, eg veit at yoga er ei fæme for tida, men so be it. Eg er svært begeistra.

Som alle andre treningsformer kjem resultata stort sett i takt med innsatsen, og viljen til å trene. Eg treng litt ”deadline” for å yte. Difor går eg til det drastiske skrittet og legg ut eit bilete av meg i ein posisjon, som er utan den heilt store elegansen eg hadde håpa på. Eg angrar litt på at eg i første bloggen sa at eg skulle gjere nettopp det , men å feige ut er uaktuelt.

Here goes, 25.01.2016:

Dette skal liksom vere ”dancers pose”, eller ”eit kult triks” som Marte kalla det. Ja det er lov å smile. Ganske rufsete, men langt betre enn dei første gongane eg prøvde meg. Tru det eller ei, der er framgang å spore. Til informasjon står eg på låkefoten. Balansen er utruleg mykje betre, foten var ikkje brukande til den slags for eit halvår sidan. Og takka vere yogaen, kan eg endeleg gå skikkeleg i fjellet igjen. Rart med det, når ein sporer framgong og ein får til meir og meir, då blir det veldig kjekt å halde på med også.

Øving gjer meister

For ei tid sidan hadde korpset vårt øvingshelg saman med nokre lokale korps. Venninna mi Vigdis sat på kornettrekka og høyrde dei yngre musikantane streve med å komme opp på dei høgaste tonane på noten. Dei var meir eller mindre sure, både ungane og lydane frå instrumenta. Vigdis bøygde seg fram til musikantane og kviskra:

- Eg har eit superlurt triks for å nå opp på dei høgaste tonane.

Alle snudde seg til henne, store i auga og ville svært gjerne vite korleis dei kunne nå dit med eitt enkelt triks.

- De kan Ø V E, avslørte ho.

Eit skuffa ”nåååhhhhwwww” kom frå alle saman. Unisont, faktisk.

Eg kan vere samd i at øving kan vere keisamt, men det er det einaste som hjelper om ein skal meistre noko. Og når ein meistrar…!!! For ei glede! Det er ei like godt for sjela og sjølvkjensla no som 45 åring, som då eg klarte å knyte skoa for første gang.

Å finne rette motivasjonen

Hovudformålet med å legge ut dette biletet er at eg skal motivere meg sjølv til å bli enda betre, og det einaste som hjelper då er faktisk å øve. For eg må jo vise framgang med eit nytt bilete.

Og så veit eg at eg må sykle og. Eg har funne ein god motivator for det også. Eg slår opp notestativet mitt, plasserer Ipaden på stativet og set meg på ergometersykkelen til mor. Eg pluggar i headsetet og ser ”krig og fred” og då syklar eg i ein time utan at det ergrar meg så forferdeleg.

Eg kan jo utfordre deg til å prøve. Kan eg så kan du, det er eg ganske sikker på. Er der noko du har lyst til å meistre? ”Morgenstemning” på blokkfløyte, eller kanskje ein tryllekunst? Eller kva med å komme i gang med den hersens treninga? Du får det heilt sikkert til, om du ikkje har ei skikkelig god unnskyldning då.


 
 
 

Comments


101 ting er for deg som vil vere med når eg for eksempel:

 

- ryddar ut og opp

 

- skal lære å bruke mindre

 

- lagar noko

 

- hoppar i det

 

- spekulerer på ting

 

 

 

 

 

 

© 2016 by Vibeke Kroken. Proudly created with Wix.com

bottom of page