Om arbeidsløyse og grisehald
- Vibeke
- 29. jan. 2016
- 5 min lesing
Etter alle solemerker går vi mot magrare tider. Arbeidsløysa stig kraftig og det er varsla eit minimumsoppgjer i industrien. Det vil bli fleire som kjempar om dei same jobbane. Der er fleire scenario som tek form i hovudet mitt om korleis dette vil arte seg, på godt og vondt. Då er det godt å ha ein bror med småbruk.
Samfunnsøkonomi er kompliserte greier. Alt ein gjer har ringverknader både her og der, og ikkje alle er like lett å forsjå. Eg skal ikkje pårope meg dei store kunnskapane om dette, men eg som mange andre gjer meg tankar om korleis vi kan gjere det beste ut av dette. Kva skal vi gjere når vi no må forvente enda fleire utan arbeid? Skal vi bry oss med det vi som har jobb, og heller overlate det til staten å ordne opp?
I følgje Statistisk Sentralbyrå (SSB) er storparten av dei som er og vil bli arbeidsledige i tida framover, høgskule- og universitetsutdanna. Endringar vil bli pressa fram for å få desse i arbeid. Eg skal repetere noko som dukka opp i ei lita meiningsutveksling eg hadde i går om saka, der dette kan virke som gode ting:
Mange færre faste tilsettingar, meir fleksibilitet, folk vil kunne jobbe heimafrå, frilansing, større fridom i kvardagen, meir sjølvbestemt arbeidstid, svakare fagforeiningar. Du gjer jobben, ditt ansvar og ferdig med det, så vidare til neste jobb.
Ja, om du er skikkelig god – heilt i øvste sjiktet, så kan ein sikkert det. Men no er dei aller fleste av oss ”gode nok”, og vil ha langt vanskelegare for å prestere på ypparste nivå til ei kvar tid.
Eg trur slike ordningar fungerer best i oppgangstider, ikkje nedgangstider. Presset for å prestere i denne gruppa, om så berre for å halde på jobben sin, kan bli så stort at ein ikkje tør å ta seg fri – og då er det ikkje lenger større fridom. Mange tør ikkje å frilanse, og dermed vil mange måtte svelgje både etiske og profesjonelle kamelar for å ha ein jobb å gå til. Arbeidsgjevar vil ha den som yter beste tenesta, og når ein kan velje og vrake blant kloke hovud, så tek ein den ein får mest igjen for. Har du då ei sjuk mor eller lyst til å bli gravid, så skal du ikkje snakke høgt om det.
Når det gjeld andre grupperingar enn dei som jobbar på kontor, for å seie det litt forenkla, så er det vanskeleg for ein bussjåfør å jobbe heimafrå. Relativt utfordrande for ein elektrikar også, vil eg tru. Ein industriarbeidar må produsere når bedrifta har ordrar inne, då kan ein ikkje velje at ein skal ha fri. Men også dei vil måtte tvihalde på jobbane sine og vise seg villege til å ofre for å ha ein jobb å gå til.
Eg har tru på fleksibilitet og måtehald. Gje og ta, både mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar, mellom arbeidstakar og arbeidstakar og mellom staten og arbeidsgjevaren.
Om eg yt ekstra i ein periode når arbeidsgjevar har bruk for det, så kan arbeidsgjevar gje tilbake med meir fri ein annan periode utan at stillinga mi står i fare. Ein arbeidstakar kan gå ned i stillingsprosent for at ein annan skal få seg arbeid. Staten kan gje lette i arbeidsgjevaravgifter og andre pålagde kostnader for å stimulere arbeidsgjevarar til å få fleire i arbeid. Pengane staten taper på reduserte avgifter, trur eg dei ville spare i mindre trygd og dei kostnader ved dei sosiale konsekvensane det har at folk går utan arbeid.
Eg vil altså at vi skal dele meir, men kor realistisk er det? Jada, eg veit at det er langt meir komplisert enn det eg gjev uttrykk for her, og kanskje er det heile beint fram banalt for nokon. Men sei meg, kor mange går gjerne ned i 80% stilling for at nokon andre skal få arbeid? Vi vil jo knapt sleppe ein framand som ber om hjelp inn over landegrensene i frykt for at han eller ho kan kome til å ha bruk for noko frå den store pengekassa VI har rett på. Eller tenk om det er han som kjem og vil ha dei 20% ein gjev ifrå seg? Hadde tanken streifa oss eingong då?
I mitt Nirvana er det i alle fall slik. Fleire er i fast arbeid, men kvar enkelt jobbar kortare tid. Vi får lov til å byte fleire tenester utan at vi snyt på skatten. Vi har kanskje litt mindre å kjøpe mykje for, men vi er meir ilag med barna våre, familie og vener – og vi treff folk i Måløy-gata når vi er sør om ein tur. Vi får lest litt meir, kanskje studert litt meir, reist litt meir, ledd litt meir, og har tid til både å sette og å ta poteter. Og til å halde gris.
I to år hadde vi gris på Fureneset, småbruket til bror min Karl-Eivind. Saman med fleire andre hadde vi tre grisar i to økter. Det var utruleg kjekt! Spesielt kjekt var det å kunne hente dei inne i fjorden og få bære dei ut frå bingen der dei stod saman med 13-14 andre smågrisar, på betonggolv og 4-5 m2 å dele på. Å sjå desse smårollingane på knappe 10-12 kilo sleppe ut frå kassa på tilhengaren, sjå dei kjenne mjuk mark under syltelabbane for første gong og forundra bite litt i ei trerot– det var lykke det. Sjå dei sette fart fordi dei med eitt kunne springe og sprette utan å støyte borti eit metallgjerde, grave i jorda og rulle seg i frisk gjørme og grynte av velvære. Det var nesten så ein kunne sjå dei smile.

Dei rota i jorda, fann røter og åt gras. Karl Eivind henta brødvarer og grønsaker som skulle kastast på butikkane i lokalområdet, og fekk matrestar og avskjer frå kantina på Måløy Vidaregåande Skule. Saman med gryn og kraftfôr var dette kosten til dyra. I ei tid der enorme haugar av mat går rett på bosset, var det godt å kunne gjere seg nytte av det.
Det var nok Karl-Eivind som stod for storparten av arbeidet med dyra sånn til dagen, men av og til var vi innom og kleia på grisane og fryda oss over spurtløp og finurlege fakter. Kven skulle tru at dei korte, stive beina og den stinne kroppen kunne hive seg rundt i byks etter byks, kome mot deg i racerfart for så å tverrsnu på ein femøring og spurte inn i skogen igjen.
Og for eit kjøt det blir av sånn aktivitet! Vi fekk beskjed med bonden om at sidan grisane ikkje ville bli fôra opp på berre kraftfôr, kunne vi ikkje rekne med at dei blei meir enn gode 90 kilo, om vi var heldige. Den største vi slakta vog 131 kilo då han hang ferdig vomba på lada. Perfekt marmorert kjøt, solid nakke, skikkelege baconsider og lever så blank og fin at det var ei fryd. Vi har mat av dei i frysaren enda. Eg sparer nok ekstra på det, for kjøt kjøpt i butikken kan absolutt ikkje måle seg.
Eg håpar vi kan ha gris til våren igjen. Det er verdifullt. Eg lovar å dele meir på arbeidet, eg har gjeve meg sjølv tid til det.
Comments