top of page

1720 ord

  • Vibeke
  • 6. jan. 2016
  • 7 min lesing

Eg elskar nyttår! Tanken på at no starter vi på nytt, no kan alt skje! Eg føler meg aldri så optimistisk og positivt innstilt som dei første dagane etter at klokka har slått tolv nyttårsaftan. Eg tenkjer på alt eg skal få tid til, alle eg skal besøke, kva eg skal bli betre på, slutte med eller starte med. Stort sett held det meste fram som før, men i år har eg tenkt å ta meg sjølv på ordet, og faktisk gjere noko med det.

Eg veit at dette første innlegget er langt, men eg håpar det tålast. Det er visst ikkje heilt comme il faut i bloggverdenen, men det vil bli betre når eg berre kjem i gong.

Eg er altså Vibeke Kroken, eg er 45 år og startar no bloggen 101ting. Eg bur i ei lita bygd som heiter Flatraket på Nordvestlandet. Her bur eg i huset vårt saman med hunden Sherlock, og yngstejenta på 15, i alle fall til ho reiser på hybel til hausten. Eldstejenta har halde hus i Bergen ei tid. Det blir spennande å sjå kor det blir med mor åleine. Der blir nok nokre tomrom som skal fyllast og gje meir meining til livet.

Og det er det bloggen 101ting skal handle om. Meininga med livet, intet mindre. Med bloggen vil eg venteleg inspirere meg sjølv og andre til å gå frå tankar til handling.

Spørsmålet om meininga med livet er universelt og med like mange svar som det fins tenkande menneske. Eg trur likevel at der er mange tankar og handlingar vi kan diskutere og kanskje einast om.

Når eg snakkar om meininga med livet så blir det frå eit Lindgrensk utgangspunkt: Inte visste vel jag at dagarna som kom og gikk var själve livet. Mitt Nirvana - eller Himmelrik om du vil - er her på jorda ilag med alle andre jordbuarar, medan eg lever. Eg ser ikkje for meg at det blir gjort så mykje spennande etterpå.

Mitt mål er å ha det så lærerikt og godt eg kan kvar dag, utan at eg tærer for mykje på jorda vår eller utnytter dei som er svakare enn meg. Samtidig vil eg vere til nytte og glede for andre. Litt pompøst kanskje, men sånn er det. Det må settast litt hårete mål for at det skal vere gøy å stille seg på startstreken og ta laust. For å nå mitt Nirvana må eg gjere nokre val og prioriteringar. Det er greitt nok å tenke seg fram til desse vala og prioriteringane, men det skjer absolutt ingen ting om ein ikkje gjer dei om til handling.

I november 2014 døydde mannen min Jonny. Då hadde vi vore gift i eitt og eit halvt år, omtrent like lenge som vi hadde visst at han hadde lavt differensiert nevroendokrin kreft. Å skulle gå vegen mot ei ukjend men svært avgrensa tid som utan tvil vil bli avslutta med død, gjorde noko med meg.

Jonny sette standarden då han sa: Tenk å vere så lykkeleg sjølv om eg veit at eg skal dø. Dette definerte kva veg eg ville gå den tida vi skulle få saman. Vi skulle jobbe med det vi elska, ha det rasande festlig med venner og familie, reise, ete, nyte kvarandre og livet så langt det lot seg gjere. Vi skulle leve livet, bokstavleg tala. Det gjorde vi.

Det å misse Jonny skapte endringar på mange verdslege måtar også. Spesielt i jobben, som var ein stor og viktig del av livet vårt. Å tene mindre enn eg gjorde før var vanskeleg, i tillegg til å ha berre ei inntekt. Nødvendige utgifter minkar minimalt i kroner og øre sjølv om ein av oss forsvinn.

Det å bli åleine var ikkje vanskeleg. Det hadde eg vore i fleire år før og visste kva det fordrar av ein. No har eg også fri kvar fredag. Det er heller ikkje vanskeleg.

Eg har tenkt hardt og lenge over kva eg vil bruke kreftene mine på. Å vere lei meg for endringane i livet eller akseptere, utnytte og nyte kva fordelar det gjev meg. Svaret seier seg sjølv i mitt hovud. For andre gong i livet er eg blitt minna på at det er berre eg sjølv som kan skape mi eiga lykke. I dei aller fleste situasjonar er det mine val som avgjer om eg er lykkeleg eller ikkje.

KVA TID I LIVET HAR EG VORE LYKKELEG?

Eg har vore lykkeleg mange gonger. Samanlikna med mange andre har eg hatt eit rikt og godt liv og har få grunnar til å klage.

Eg har vore fattig, eg har hatt det økonomisk romsleg. Eg har vore frisk og eg har vore sjuk. Eg har vore singel, sambuar, gift og er no enke - eller singel om ein vel å sjå det på den måten. Eg har vore småbarnsmor og mor til tenåringar, eg har vore sjef og eg har vore underordna. Eg har vore tjukk og eg har vore tynn. Eg har vore draumekvinna og eg har vore den som blei svikta. Eg har vore ein av flokken, og eg har følt meg aldeles åleine. Eg har følt meg på toppen av verda, men eg har også besøkt dei aller djupaste dalane. Det har vore eit liv som heilt sikkert kan sidestillast med fleire, men for meg er det no på tide å strekke meg etter mitt Nirvana.

FATTIG OG RIK ELLER RIK OG FATTIG?

Det var godt å ha det romsleg økonomisk. Samle vener til fest, mat og drikke kva tid det måtte passe, eller gå ut til middag og ikkje tenkje to gonger på rekninga. Reise til nye stader med kunst og kulturopplevingar, bad, spa og spennande mat gav meg massevis. Ei rik tid der eg også kjende på lykke. Men eg opplevde også sider med meg sjølv eg ikkje sette vidare pris på. Eg vart sedat og tiltakslaus på heimebane, meir kritiserande og negativ mot medmenneske og nesten det galnaste av alt - eg kasta mat! Det hadde eg aldri gjort før.

Då eg hadde dårlig råd brukte eg mykje energi på å få mest mogleg ut av alt. Ikkje ein skalk vart kasta sjølvsagt. All laurdagsgraut gjekk i brøda, klubbesådet vart kokt suppe på, og det måtte førast hushaldningsrekneskap. Eg har gått hikstande ut av butikken fordi eg ikkje hadde råd til å kjøpe slikkepinn i laurdagsgodt til døtra mi. Tiaren eg hadde måtte gå til melk slik at eg fekk koke graut. Vi sanka ved for å senke straumrekninga, sparte på julepapir og samla rømmebeger til å fryse matrestar i. Eg jobba ofte til langt på natt for å klare av med alt. Ei rik tid, det og, ei tid med mykje lykke i livet. Det eg ikkje likte var at eg vart gjerrig, og det viktigaste vart å betale ned på lånet i staden for å unne seg ei pause i ny og ne. Og - eg vart sjuk av å brenne lyset i begge endar.

Eg har kome til at eg har det godt når eg har brukt hovudet på å vere kreativ for å finne løysingar. Når eg må vurdere og prioritere, når eg har spart til noko som eg kan kjøpe meg eller oppleve. Når eg har gjort eit godt val. Når eg klarer ein ny yogaposisjon. Når eg held månadsbudsjettet. Når eg kokar kraft på beinrestar og grønsaksavskjær og frys den ned til seinare bruk, helst i suppe eller saus som eg deler med vener og familie. Då er eg lykkeleg. Eg er lykkeleg når der er eit mål som skal nåast, og det ligg ein innsats og eit arbeid bak gevinsten.

KVIFOR BLOGG?

Først av alt fordi når ein seier ting så andre høyrer det, forpliktar det. Bortforklaringar og orsakingar får langt raskare gehør om det er berre eg som veit om det. Og så vil eg jo gjerne inspirere andre som har det som meg, kanskje kan vi nå nokre mål i lag?

Og så saknar eg å skrive. Å skrive nynorsk.

Eg vil snakke om det som er viktig i livet mitt. Familie og vener står sjølvsagt høgast på lista. Der er likevel moralske, etiske og politiske utfordringar som avgjer og definerer korleis eg fungerer saman med desse og kor godt eg likar dei og meg sjølv til ei kvar tid.

Forbruk, miljø, å vere ærleg, økonomi, sunnhet, dobbeltmoral og så vidare, er utfordringar og paradoks som stadig dukkar opp og som eg må ta stilling til. Pelsdyrnæring, masseproduksjon av kjøt, slavearbeid. Batteri eller diesel? Er det greitt å betale 49 kr for eit klesplagg? Eller 4900 kr for den del. Det er mykje eg vil finne ut av, fortelle om og diskutere.

La meg vere litt meir konkret om kva som skal skje på bloggen 101ting:

Eg skal sjå på løysingar for korleis eg kan redusere konsumet mitt

Eg vil eige færre ting

Eg vil bruke det eg har, gjerne etter ei omsying, ommaling eller kanskje delt i to?

Eg vil vise ting eg har laga, vil lage og at eg lagar dei

Eg vil sjå på måtar å spare pengar og aller helst handle etisk

Eg skal lære meg å rydde på skikkeleg vis, og halde det ryddig

Eg vil skrive om kva eg set pris på, med tankar om alt frå nærbutikken til ansiktsbehandling. Eg vil dele gode oppskrifter, utføre Do It Yourself-idear frå Pinterest for å sjå om det faktisk går an å Do It Yourself.

Og – eg skal vise deg skjemaet over husarbeid som gjer at du har fri heile helga:)

Heilt til slutt, så skal eg klare 10 nye utfordrande yogaposisjonar før året er omme. Med bildebevis på bloggen.

Ja, eg har sett meg hårete mål, men eg har då trass alt eit heilt år på meg…

Eg har sett som mål å skrive blogg til neste nyttår. Eg håpar du vil følgje meg og gjerne komme med innspel til og tankar om det eg skriv. Kanskje har du gode råd som bør delast.

Mitt aller første ordentlige blogginnlegg skal handle om verdien av å skrive ønskjeliste til jul, den gongen eg skulle ønskje eg hadde gjort det og kva resultat ei vanskeleg samtale gav.

Ei ønskjeliste er usedvanleg nyttig for å hindre det som kan bli ein flaum av ting å fylle skapa våre med.

I år fekk eg akkurat det eg ønskte meg.

 
 
 

Comments


101 ting er for deg som vil vere med når eg for eksempel:

 

- ryddar ut og opp

 

- skal lære å bruke mindre

 

- lagar noko

 

- hoppar i det

 

- spekulerer på ting

 

 

 

 

 

 

© 2016 by Vibeke Kroken. Proudly created with Wix.com

bottom of page