245 julekuler + litt til
- Vibeke
- 8. jan. 2016
- 3 min lesing
Jula er ei fin tid. Spesielt likar eg tida fram mot jul, fordi den minner meg om koselege, artige, spennande og late dagar i tidlegare år, og fordi eg har eit håp om at det skal bli ekstra koseleg i år.
I tida før jula 2015 verkte jentene mine etter å komme i julestemning. Den kom ikkje lenger heilt automatisk slik den gjorde då dei var små. Den gongen var det nok med synet av julekuler i butikken, lukt av bakst, julekalenderen eller eit tent adventslys. No skal det meir til.
- Åh mamma, no fekk eg nesten julestemning, men så for den igjen, hørte eg fleire gongar jula 2015.
Når jula og forventingane startar midt i november er det nok vanskelegare å halde på julekjensla heile vegen fram, om den i det heile dukkar opp. Då er det lett å tru at ein må ha noko nytt og annleis for å lokke fram julegleda.
Sjølvsagt ville eg gje jentene mine ei fin og god førjulstid som dei kan minnast med glede. Som så mykje annaher i livet; det er stort sett ein sjølv som vel korleis ein vil ha det i gjevne situasjonar. Heilt svart vart det likevel ikkje. Dei ana små glimt av herlegdomen då vi sette på ”Polarekspressen”, såg ”Jul i Skomakergata” for første gong, når julekrybba kom opp og vi tende det siste adventslyset.
JULEPYNTDEPORTASJON
Vi gledde oss til kor koselig det skulle bli når vi fekk henta fram all stasen. I dagane etter siste søndagen i advent, plukka vi ut julepynten frå den trange boda. Kasse på kasse vart opna og vi kosa oss med å plassere innhaldet. Etterkvart vart vi både nøgde og leide, men framleis var det svært mykje att på boda. Eg måtte til å ta det inn over meg. Kva skal eg med julepynt som blir ståande på boda utan at eg ein gong saknar det? Det vart trangt i hovudet mitt av tanken på alt eg har samla og kjøpt gjennom tidene. Eg merka at eg vart uvel.
Dagen eg skulle plukke ned julepynten gjorde eg det einaste rette: Eg henta først fram alt som stod att på boda. Kjøkkenøya vart raskt fullpakka. Utan å gå i detalj om kva eg fann, så kan eg opplyse at eg hadde 245 juletreornament som ikkje kom med på juletreet i år…

Her er alt som ikkje kom med i julepyntinga i år. Altså - det som stod at på boda etter at heile huset var pynta til jul.
Eg tok engel for engel, nisse for nisse og jentene fekk velje kva dei ville ha. Alle tre har eigne minner frå julefeiringar, og eigen smak når det gjeld dekorasjon, så her var litt til kvar einkelt. Dei fylde til slutt kvar si vesle kasse, skreiv namnet på den og sette den bort. Det ingen ville ha vart sett i eit par andre kasser. Det skal sendast til Fretex og Bossdunken. Tre dagar ut i det nye året og eg var allereie stolt av meg sjølv!

Her er det som var igjen etter opryddinga, og etter at absolutt all julepynt var pakka ned. Applaus!
Men, slaget er ikkje vunne enda. Det kjem ei jul i år også, og eg kan først seie at eg har sigra den dagen eg plukkar ned jula 2016 og der ikkje har vore kjøpt ei einaste ny julekule. Eg kryssar fingrane.
Neste blogginnlegg handlar om å gripe dagen, om enn på etterskot...
Комментарии