7 bøker - check!
- Vibeke
- 7. jan. 2016
- 4 min lesing
ØNSKELISTA – BESTE IDEEN NISSEN HAR HATT, EVER!
Jula handlar mykje om å gje og å få. Det er ikkje tvil om det. Kvar jul blir pengebruk, forbruk og overflod diskutert i det vide og breie, i kva alder ein skal slutte å gje gåver til ungar, kven som skal få og ikkje. Kor mykje ein skal bruke og kvifor. Eg må medgje at diskusjonen gjer noko med meg, og der er mange av dei som er imot heile ideen om jul slik den vert feira i våre dagar. Visst kan ein gje gåver heile året, og visst kan ein la vere å bøye seg for jule-kommersen, men eg er ikkje heilt der enda. Det kan likevel gjevast gåver med ”fornuft og følelser”, i den rekkefølgja.
Eg har altså ikkje tenkt å slutte å gje julegåver, og eg vil svært gjerne halde fram med å få julegåver. Det er kjekt å få og koseleg å gje. Det eg slit med er å finne ut kva eg skal gje til den enkelte. Det er vanskeleg å vere original og oppfinnsam alltid, spesielt når dei aller fleste har det meste. Sjølvsagt vil ein overraske og vere den som gjev den spesielle gåva, men la oss innsjå det – det går ikkje an kvar einaste gong. Difor er god ønskeliste er svært nyttig, både for deg som julegåvemottakar og deg som gjevar.
Som gjevar er det fint å få vite kva nokon ønskjer seg, slik at ein ikkje bommar fullstendig.
Tiril på 15 fekk i oppdrag å skrive ønskeliste for jula 2015. Utgangspunktet hennar var at ho ønskte seg ingenting, for ho hadde alt ho trengte (velsigne banet). Men når ho sette seg ned og tenkte seg om, så kom det likevel opp ei liste med sju boktitlar, eit par klesplagg og høyretelefonar. Ho fekk alt på lista og var meir enn nøgd då kvelden var over. Marte på 20 hadde heller ingen store tankar om kva ho ønskte seg, men når ho fekk tenkt seg om så vart det då produsert ei liste over ulike nyttige produkt som er eit must, i hennar toalettveske i alle fall.

Tiril hadde full uttelling på ønskelista.
Vi var i eit godt lag i romjula, og ein god ven av meg spurte gjengen, lett ironisk:
- Ja, er de nøgd med jula då? Gjekk de i pluss? Eg fekk fire sengesett og eit belte.
Beltet hadde han ”bestilt” på førehand, så han fekk i alle fall noko han ønskte seg. At eitt av sengesetta var i krepp, var ei gledeleg overrasking…
NÅR GÅVA ER HEILT FEIL
For deg som gåvemottakar er ønskjelista også svært nyttig, sjølvsagt. I midten av 20-åra var eg sambuar og del av ein herlig familie i Austevoll, sør for Bergen. Hjertelege, gåvmilde og gode menneske som eg framleis er uendeleg glad i. No hadde det seg slik at sjølv om svigermor og eg var veldig gode vener og delte mange interesser, delte vi ikkje same smak i interiør. Svigermor hadde sansen for det ornamentale og romantiske, medan eg hadde eit meir klassisk og stramt uttrykk.
Vi hadde ikkje sett opp ønskjeliste det året. Denne jula feira vi heldigvis heime hos mine foreldre, for då gåva frå svigermor og svigerfar vart opna, vart det stilt. I silkepapiret openberra det seg ei 40 cm høg byste av ei nydeleg dame med oppsett hår og krullar i nakken i viktoriansk stil. Ansiktet lett bøygd ned mot høgre i ein audmjuk og yndig posisjon. Materialet den var laga i var gjeven ein lett patina, for å gje intrykk av elde. Ei dyr gåve som det låg mange gode tankar bak. Likevel klarte eg ikkje med mi beste vilje å tenke meg korleis eg skulle kunne glede meg over denne. Vi tenkte det var best å melde frå så raskt som mogleg, eller så kunne vi stå fram for same situasjon år etter år, bursdagar som julaftan, med gåver vi miste munn og mæle av, og ikkje på den rette måten.
Det var ikkje enkelt å gje beskjed om at vi gjerne ville bytte den, men vi gjorde det. For bytelappen fekk vi kjøpt mykje vi både trengde og ville ha. Det gjorde nok litt vondt for svigermor å få beskjeden, for ved neste korsveg fekk vi gåvekort. Resultatet vart likevel at sidan den gong var det ikkje ei gåve som var i utakt med oss.
Det var vanskeleg å skulle seie til svigermor at dette passar oss ikkje, å sjå at ho var overraska og lei seg. Men eg trur ho fekk tifald igjen når ho såg gleda over dei ”rette” gåvene ho så hjerteleg gav vekk seinare.
I det store biletet er dette sjølvsagt for småting å rekne, men det store bildet er no ein gong sett saman av små bitar og sommarfugleffekten gjeld også her. Vi tok den "vanskelege" samtalen vi kvidde oss for, men alle partar hadde igjen for det på ein god måte.
Sei meg no, med handa på hjartet: Kor mange av dykk har teke med julegåva til gjevaren og sagt: Takk, men elles takk. Kan eg få byte?
Det krev litt mot, det kan ende godt og det kan ende gale. Om du feigar ut, så er ønskjelista utvegen for deg. Lag ønskjeliste og distribuer den. Då er sjansen for å få skapfyll minimal, og du kan ende opp med noko du faktisk ønskjer deg.
Neste innlegg handlar om nettopp skapfyll - julepyntskapfyll og korleis eg handterte det. Og det var jaggu på tide. Og det blir siste innlegget som nemner jul for denne gongen.
Comentários