Gamle-erik er møring
- Vibeke
- 5. feb. 2016
- 5 min lesing
”Han Gammel-Erik han e møring” skråler Hans Rotmo. Som om det ikkje var gale nok, så var jammen Apartheid-Peter Botha det også, sidan faren kom frå Ålvundeid i Sunndalen. Maggie Thatcher, alkoholen, Leif Hagen og den godaste Vidar Lønn Arnesen hamnar også innan for grensene på dette fylket, som ikkje kan vere anna enn sjølve arnestaden for dækelskapen vi ser i verda. Ifølge Hans Rotmo.
No ser det ut til at vi skal bli møringar, vi óg. Dei som har foreslått det kan umogleg kunne sin Rotmo, for å seie det slik. Han er forresten ikkje mykje å kunne heller. Noko av dei ytringane han har kome med i det siste er så fulle av fordomar og skit at han burde ikkje bli høyrd på i det heile. Ein tosk i mine auge, men rett nok ein tosk som har sagt mykje morosamt opp gjennom tida, før han blei ein gretten gammal gubbe. Den skal han få.
Der er nok litt Hans Rotmo i mange, og ikkje nødvendigvis berre i gretne, gamle gubbar. Om det ikkje er frykt for det framande, så i alle fall ein viss skepsis for det vi ikkje er kjende med. Det handlar korkje om muslimar eller sushi – nei langt der i frå. Det handlar om folk på Stadt, Kvalheim, Fåfjorden og Moldefjorden. Og Møre. Det er visst noko spesielt med dei alle.
”Dei er eit eige folkeslag”. ”Vi tenkjer så ulikt”. ”Vi er ikkje same sort”. Skikkeleg gode argument for å ikkje vere i lag.
I vår ungdom var karakteristikkane ganske enkle, men tydlege:
Store skjortesnippar som stakk oppom kragen på genseren, og ikkje heilt god = kvalheimar.
Høg oppbrett på buksa, og ikkje heilt god = moldefjording.
Skinnvest og lisseslips, og ikkje heilt god = stadtsar.
Ikkje heilt god = fåfjording.
Eg lurer på kva dei sa om flatrakarane, det fekk vi aldri vite. Men forresten, oss var det sikkert ikkje noko gale med, vi snakkar trass alt om oss. Eller, her var det jo forskjel på dei sør for elva og dei nord for elva, men det trur eg har jamna seg ut.
Det er jo ikkje heilt feil. Vi er eigne folkeslag alle i hop, vi tenkjer ulikt om mykje og er ikkje nødvendigvis same sort. Men kva så? Om vi berre skal vere saman med dei som tenkjer eller er som oss, kan det fort bli snevert. Korleis skal vi utvikle oss om vi berre skal høyre på dei som er som oss?
Som dei seier opp på Møre: Hæ?
Medan Erna Solberg no er landsmoder i Noreg, har det altså gått ut bod om at det skal gjennomførast ein kommunereform ”yver heile verdi”. Kommunar skal finne saman og bli samde om eit lukkeleg liv i tida som kjem. I 1995 bestemte Stortinget at kommunestrukturen skal vere basert på frivillige samanslåingar. Sidan det berre har ført til vel sju nydelege ekteskap sidan den gong, har Erna og gjengen bestemt at tvangsgifte også er ei grei løysing. Altså, vi er ikkje nøydde om vi absolutt ikkje vil, men om vi ikkje går med på det blir vi fråtekne lommeboka. Så då so.
Eit av måla er å få kommunar med mange innbyggarar. Ei så lita kommune som Selje, med sine rundt 2700 innbyggarar, har ikkje så mykje å stille opp med i den kampen. Vi monnar liksom ikkje, og blir vel nøydde til å gjere som vi får beskjed. Folketalet her har til og med gått tilbake med rundt 8 % dei siste 10 åra. Vi kan vel ikkje forvente at skular og bankar skal halde ope om vi ikkje vil fylle dei med folk. No skal det seiast at det er kome nokre nye innbyggjarar i Selje den siste tida, men det er vel avgrensa kva bidrag til folketalet som kan forventast når storparten av dei er munkar. Typisk vår flaks…
Vi blir altså truleg møringar, i Stadt eller Statt kommune. Intensjonsavtalen som er underskriven mellom Selje, Vågsøy og Vanylven kommunar tyder på det. Og så eg som ser for meg mitt kommune-Nirvana i storkommunen Nordfjord, saman med Vågsøy og Eid...
Om eg fekk bestemme så ville vi heller snakke om å flytte kommunegrenser i staden for å berre klaske i hop kommunane slik dei er i dag. Før, då båten var vanlegaste framkomstmiddel, tilhøyrde både bygde Almenningen, Bryggja og øyane i Fåfjorden dåverande Davik kommune. I 1964 var bilen og vegar på plass. Kommunegrensene var ikkje lenger særleg praktiske, så desse tre gjekk til Vågsøy i den omfattande kommunereforma som utspelte seg då. I dag ser den løysinga ganske grei ut, sjølv om det heilt sikkert var minst eit par-tre som protesterte også den gongen.
Eg ville ha flytta kommunegrensa til Selje. Stadtlandet og bygdene nordafor trur eg ville takle å vere møringar og smyge seg over fylkesgrensa. Så slo vi Selje og pollane sørover saman med Vågsøy, og Vågsøy saman med Eid kommune. Eg er sikker på at fiskarane i ytre og bøndene i indre ville ha utfylt kvarandre perfekt. Eg er veldig begeistra for både Vågsøy og Eid. Vågsøy med sine driftige folk og næringsvit og Eid med sitt fantastiske kulturliv og evne til å utvikle seg er imponerande. Hallo, eg ville blitt eidar berre på grunn av operahuset. Og symjehallen. Men dette er eit folk eg kjenner til, så kanskje er det difor eg trur det ville fungere?
Opera Nordfjord er grunn nok for meg til å bli eidar. Men den forsvinn ikkje den heller, sjølv om vi blir møringar. BIletet er frå Fjordabladet.
Vanylven derimot, kjenner eg lite til. Eg har ein del slekt der og det er både morosame, kunnskapsrike og trivlege folk. Likevel har det blitt ein plass eg reiser gjennom på veg til Ålesund. Nokon stoppar for å gå på dans i Olivinhallen, men det har eg aldri gjort. Nokon stoppar også for å handle møblar hos Frode Flataker, ein flatrakar med møbelbutikk på Åheim. Tenke seg til.
Når det er sagt, trur eg at eg kan bli glad i vanylvarar óg, for eg er glad i opptil fleire stadtsarar og møringar, og dei er vel nokon lunde same sort? Vi har både stadtsarar og møringar på Flatraket: Eg syns dei klarer seg fint, alle som ein. Far min er møring, og han er jo ein av dei eg likar aller best her i verda. Han er frå Volda. Sikkert mykje kjekt folk der og. For å ikkje snakke om Ørsta. Ørsta og Ulsteinvik. Har du nokon gong vore på shopping i Ulsteinvik? OMG! Og Fosnavågen! Eg skal dit for å bade, snart. Det gjeld å ha rette innstillinga.
Blir vi møringar så blir vi møre og romsdølar også. Måløyværingar som møringar - sug litt på den. Og, om den tenkte regionsreforma får bløme, kanskje blir vi trønderar og får Trondheim eller Steinkjær som regionssenter! Då må vi få oss bart og greier. St. Olavs Hospital i Trondheim blir vårt universitetssjukehus, ikkje Haukeland. Åse blir sentralsjukehuset vårt, ikkje Førde. Volda sjukehus blir lokalsjukehuset vårt, sidan Eid sjukehus mest truleg vil høyre til ein annan region. Eg har berre godt å seie om både Åse og Volda, så eg tenkjer det går greitt det og. Vi står han vel av.
Eller forresten - Hans Rotmo er trønder. Nei, då spørs det…
Vel, i løpet av sommaren er det avgjort om vi blir møringar, og om Selje kommune forsvinn frå kartet. Korkje Trondheim eller Steinkjær kjennest lenger borte enn Leikanger i Sogn. Om Sogn og Fjordane mister dei kommunane som har signalisert utflytting, så er vel fjordfylket ein saga blott også. Men fjordane blir liggande. Det blir både Eid, Måløy og vakre Stadtlandet også. Og båten til Bergen kjem vel til å gå som før.
Forresten, eg elskar jo Bergen! Kjære kommunestyre, vi skulle ikkje ta ein prat til med Bremanger?

Stadten blir liggande sjølv i skodda, om kommunegrensene endrar seg eller ikkje.
Comments