top of page

Vanedyr er ålreite dyr

  • Vibeke
  • 12. feb. 2016
  • 9 min lesing

Det var ei tid eg tenkte at rutinar var for traurige folk. Folk som må ha ein plan å gå etter måtte mangle fantasi og ha det relativt keisamt.

Sjølvsagt har folk kjedelege rutinar, men det handlar meir om kva rutinane deira går ut på, og ikkje rutinen i seg sjølv. Eg er komen til at rutinar er eit suverent verkemiddel for å få tid til det eg har lyst til. Eg har jo det som eit hovudmål - meir tid til meir kjekt.

Eg har nemnt henne før; klokesjelta og coachen Gry Sinding. Ho fekk meg til å sette pris på rutinar, utnytte dei maks og til gjengjeld få utruleg mykje ut av dagen, veka, månaden og året.

Om ein berre klarer å sjå kvar ein er akkurat no og kor stort gapet er til der ein vil vere, så gjer vi livet vanskeleg for oss sjølve.

Om du har eit mål som kan sjå uoverkommeleg ut, så er det lett å miste trua på at ein kan lukkast. For eksempel for meg å få til yogaposisjonen ”dancers pose”, ref. eit tidlegare blogginnlegg. Du skulle ha sett meg første gongen, der eg stod og baksla for å nå fatt i foten der bak. Ikkje særleg grasiøst, og ikkje heilt smertefritt heller. Posisjonen ser ikkje fullstendig uoverkommeleg ut på bilete, men av og til gløymer ein at kroppen etterkvart har vakse seg til - både på eine og andre måten – når ein er blitt 45 år. Ledda har heller ikkje blitt mjukare med åra, og så er der litt ”kjøt” som skal handterast.

Eg sette meg først eit mål om å få fatt i eine foten der bak, og stå på den andre foten eit visst tal djupe pust. Så bytte eg om, og gjorde det same med andre foten. Når eg så meistra det, byrja eg bevege på overkroppen medan eg stod der, med ein fot i handa og ein på golvet. Så gjekk eg gradvis vidare, med høgare fot og meir strekk. Eg gjorde ikkje det på ein dag eller to. Det vart fleire repetisjonar over dagar og veker, men alltid med eit overkomeleg mål framfor meg. Når eg nådde eit delmål, gjekk eg vidare til neste delmål.

No har eg store vindauge i huset mitt, og når det er mørkt ute verkar desse som speglar. Eg stod der og humra over positurane i ”speglane”, men så heisann, der var det faktisk eit kvart som likna på noko! Det gav inspirasjon til å halde fram. Slik heldt eg på og slik skal eg halde fram til eg står der – i den posisjonen eg vil meistre til slutt. Eg veit ikkje kor lang tid det tek, men det er der ute i horisonten ein plass, og eg tek steg for steg for å kome dit.

Yogarutinen min kan lett overførast til andre mål ein har. Om det er sparing til noko, eit språk ein vil lære, oppgåver på jobben, å stå opp om morgonen eller å halde huset i orden.

Ein skal også ha det i mente at rutinar må haldast for at dei skal ha funksjon. Rutinane skal hjelpe deg til målet ditt. Og vil du nå målet ditt, så er det mogleg at enkelte ting må forsakast.

I fjor haust var eg såpass usikker på kvar eg skulle gå vidare i livet, at eg leita etter ei rettesnor å følgje. Eg trengde gode råd, kanskje ein eller annan metode for å kome på rett spor. Eg var såpass på leit at eg faktisk bestilte horoskopet mitt frå ein anerkjend astrolog! Eg kan avsløre her og no at det var bortkasta pengar. Så kom eg altså over fru Sinding. Ho hadde fått likes av fleire personar eg likar på Facebook, og etter å ha lest litt av det ho skreiv, vart eg interessert i teoriane hennar. Dei handla om å ta tak, sparke seg sjølv bak, ikkje vere redd for å feile og kanskje dumme seg ut, vere villig til å ofre litt og til å ta seg tid til det ein skal.

24 TIMAR I DØGNET

Når det gjeld å ha tid, stiller vi alle med same utgangspunkt. 24 timar i døgnet. Så er det opp til oss å velje kva vi vil eler må prioritere i desse 24 timane.

Når eg skal gjere endringar, så likar eg helst at alt har effekt frå dag 1. Der har eg bomma stort sett kvar gong, så eg har gått over til å legge ein plan. Eg set opp kva eg vil ha gjort når året er omme, kva mål eg skal ha nådd. Eg bryt det ned i 3 månaders mål, månadsmål og vekemål, og set opp ulike handlingar som må utførast kvar dag for å kome dit. Om planen ikkje går i boks eine veka, så evaluerer eg og justerer til neste veke.

Løysinga mi for å lukkast, er å fokusere på ein ting om gangen, og så fullføre. For ein multitaskar som meg er det ei utfordring. Vi trur gjerne at multitasking gjer oss til superpeople. Di travlare vi er, dess meir får vi gjort. For meg endar det fort opp med mange prosjekt i sving og mykje halvgjort. Forstå meg rett, eg er heilt for å både sette brøddeig og stryke kle medan vaskemaskina går, men det er i grunnen så langt eg treng å strekke meg når det gjeld å gjere fleire ting på ein gong.

Dei første verkelege og overkomelege måla mine var desse:

- Vere meir opplagd på jobb.

- Få betre kontroll på kropp og helse.

- Sørgje for å ha helga fullstendig fri til å gjere det eg vil.

Kva må til for å vere utkvild?

Eg må sove meir.

Kva må til for å ha betre kontroll på kropp og helse?

Eg må trene og ete betre.

Kva må til for å få heilt fri i helga?

Eg må gjere alt i perioden mandag til fredag.

I løpet av eit døgn skal eg altså få tid til minst 6,5-7 timar søvn, fysisk fostring, arbeid og køyring til og frå jobb frå 06.45-15.45, husstell og matlaging. Og tre turar med hunden. I løpet av veka skal eg også på trening, ei og anna musikkøving, kanskje symjing og heilt sikkert skvaldring med ei venninne eller tre.

MI OPPSKRIFT:

Alarmen står på kl 05.15. Eg vaknar opp og drikk ein god halvliter med vatn medan eg sveiper over vg, db, fjt, ap, fb og bt, og brukar 15-20 min på å stå opp frå senga.

Eg kler på meg treningstøy underst og så godt med utekle for å gå tur med hunden. Heller for mykje kle enn for lite, sidan eg er motstandar av å fryse. Eg brukar lufteturen som oppvarming og då er det godt å vere temperert.

Fin start på dagen

Når eg kjem inn att er det rett i ei økt med yoga i 10-25 minutt, alt etter kva eg har tid til når Sherlock er ferdig med morgontoalettet. Sidan eg alt har treningstøyet på er overgangen til trening kort og enkel. Eg loggar på Spotify og set i gang. Tre solhelsingar, treet, eit par balanseøvingar og litt strekk og vri. Så utfører eg mitt morgontoalett, et frokost, smører niste og pussar tenner før eg seier hadet til Tiril og køyrer på jobb.

Når eg kjem på jobb har eg alt vore vaken i halvannan time, eg har fått lufta og strekt meg og er langt meir opplagd enn eg var før.

Eg er også motstandar av husarbeid. Nei, det er ikkje heilt sant for eg likar å ha det ryddig og reint rundt meg. Det eg finn utfordrande er at sjølv kor mykje husarbeid eg gjer, så må det gjerast oppatt og oppatt, heile forbaska tida. Det var ei tid vi hadde vaskehjelp kvar 14. dag frå Vest Industrivask, og det var ei velsigning. No har eg ikkje det. Både fredagen og store delar av laurdagen har difor gått med til husarbeid. Slik ville eg ikkje ha det, så eg laga ein plan.

Per i dag ser vekeplanen slik ut:

Mandag og tysdag: Klesvask og stell av kle. Tørkestativet er framme desse dagane, og berre desse dagane. Ok, kanskje onsdag og, om siste vasken ikkje er tørr til kvelden, men så er det vekk med stativet. Mandagen er det støvsuging eller tørrmopping og så heng vi ut sengkleda til lufting. Tysdagen steller vi vaskerommet.

Annakvar mandag eller tysdag skiftar vi sengkle. Første mandagen i kvar månad pussar vi vindu om det trengs. Mandag er også dagen då vi handlar inn til veka. Då er handlelista med på butikken etter jobb, og den er verken særleg lang eller full av ruskemat.

Kvar onsdag er boss- og tomgodsdag. Onsdag i kvar oddetalsveke vaskar vi over dørblad og lysbrytarar.

Torsdagen skal det tørkast støv og romma våre skal ryddast. Torsdag i partalsveker tørkar vi over bada, torsdagen i oddetalsveker, vaskar vi bada.

Fredag blir tepper og puter hengt ut om det er veir, golv vert vaska og tepper støvsugd.

Det einaste vi sørgjer før kvar dag heile veka, er at gangen og kjøkenet er ryddig før vi legg oss.

Enkelte dagar er der meir å gjere, andre dagar mindre. Av og til blir det klesvask berre ein dag, og då har vi fri den andre dagen. Så er laurdagen og søndagen til fri disposisjon.

Om eg har uføresette hendingar som dukkar opp, så skiplar eg sjølvsagt – men det går stort sett bra. Og eg seier vi, for eg har delegert ein del arbeid til Tiril. Og det funkar! Ho likar å følje ein plan, ho og. Sidan ho er med og hjelper til, får eg tid til å trene og å vere sosial. Hundeluftinga delar vi også på. Eg tek morgonen, ho tek ettermiddagen, og til kvelden vel ho om ho vil rydde kjøkenet og gangen eller ta ut Sherlock.

For å få nok søvn, er eg seng rundt kl 22. Kva har eg ofra då? Jau, det betyr inga TV-sjåing. Det går faktisk heilt fint. Det betyr at eg prioriterer nøye det eg eventuelt ser, og eg finn det stort sett på nett. Dessutan får eg både nyhende og kunnskap gjennom NRK P2 som står på store delar av dagane.

No skal det seiast at eg har ein kjempefordel minst tre dagar i veka. Då diskar nemleg meisterkokken mor opp med middag, og Tiril og eg nyt måltida rundt bordet med mor, far, bror og nevø. Verdifullt på alle måtar.

Slik er mine Nirvana-kvardagar.

Nesten alltid.

I alle fall ganske ofte

Men av og til ikkje…

Fordelen med å ha rutinar er mest synlege når dei vert brote. Og det gjorde dei til gangs dei to førre vekene. Eg fekk dessverre eit tips om ”Making A Murderer” på Netflix. Lange og spennande eposidar, og det var veldig lett å hive seg på ein episode til når eg først var i gong. Då blei klokka meir enn 22 før eg var i seng, og det var ikkje alltid eg var opplagd til yoga på morgonen etter. Det skjedde gong på gong. Og når eg låg der på sofaen og glodde, så var det lett å bli litt fysen…

Midt i ein episode sist tysdag fekk eg så heise lyst på sjokolade. Det hadde ikkje stått på handlelista mandag saman med frukt og grønt, men eg visste eg hadde litt kokesjokolade i skuffa. Eg sette ”MAM” på pause og luska meg bort til kjøkenet. Der var berre ein knøttliten bit igjen. Fakerten! Eg putta biten i munnen, og saug så lenge eg kunne på den. Den varte ikkje lenge nok. Fakerten x 2! Eg kjende at syrska kom sigande på, eg måtte ha meir.

Med eitt dukka eit bilete frå jula opp i hovudet mitt. Hadde ikkje Marte lagt omtrent der eg låg, med ei eske Fazermint med herlege, mørke sjokoladebitar i knitrande sølvpapir? Ho hadde ikkje rukke å ete den opp, for eg meiner eg berga restane. Men kvar hadde eg lagt dei? Eg let att auga og rekonstruerte heile hendinga som det høver seg ein som er hekta på ”MAM”. Eg såg meg sjølv dytte dei uttømde men uopna bitane inn att i den avlange eska, late att i enden, og for å spare dei la eg eska ein plass vi sjeldan ser til.

Eg opna auga og pupillane fall på skjenken eg har fått etter farmor. Barskapet i midten, med nøkkelen som alltid skrapar borti når sidedørene blir skyvd til sides. Eg gjekk bort, vrei om nøkkelen og halla ned barskapdøra. Der inne, på glashylla mellom shakeren i blankt metall og dei gule likørglasa frå mormor, blenkte eska. Med Fazermint i grøn skrift og eit stort bilete av ein halvt avbiten sjokoladebit, med kvit mintkrem sigande ut. Yes! Eg letta ut eska og kjende på vekta at der er rikeleg igjen til meg. Eg tok den med bort att i sofaen, opna den og let bit etter bit rause ut. Eg trykte på play og nytte dei siste 30 minuttane med spenning og mintsjokolade.

Klokka vart over tolv før eg kom meg i seng den kvelden og eg åt minst 8 bitar for mykje. Småuggen etter feil val av kveldsmat sleit eg meg supertrøtt ut av senga morgonen etter. Null yoga og delegert hundelufting var resultatet.

Det tok tid å kome inn att i rutinane, men no er dei på plass igjen. Det var herleg å ligge på sofaen å ete sjokolade, men det er langt meir tilfredstillande å rekke både hundetur, yoga, ein god frukost og opplagd dag på jobb. Så no er eg i gang igjen – til eg går på ein liten smell neste gang. Det blir ei stund til, håpar eg. Det handlar berre om å ta tak, sparke seg sjølv bak, ikkje vere redd for å feile og kanskje dumme seg ut, vere villig til å ofre litt og til å ta seg tid til det ein skal.

 
 
 

Comments


101 ting er for deg som vil vere med når eg for eksempel:

 

- ryddar ut og opp

 

- skal lære å bruke mindre

 

- lagar noko

 

- hoppar i det

 

- spekulerer på ting

 

 

 

 

 

 

© 2016 by Vibeke Kroken. Proudly created with Wix.com

bottom of page