top of page

Når eg blir rik pensjonist

  • Vibeke
  • 19. feb. 2016
  • 5 min lesing

Kor mange gongar har du starta ei setning med desse orda: Om eg vinn i lotto… eller kanskje du er så frimodig at du brukar den meir optimistiske: Når eg vinn i lotto…

Ønskedraumen er der anten ein har rikeleg eller lite, det ser vi berre på tala over kor mykje vi tippar for, og kor mange vi er som tippar. Dei siste tala eg finn er for 2013, og dei fortel meg vi tippar i snitt for godt over 6000,- per år. Når eg då finn ut av det stort sett er halvparten av oss som tippar, så ryk det altså med 12-13.000 kroner i året på lotto, ekstra, flax, keno, bingo, bongo og kva det no heiter alt saman. 30,9 milliardar kroner i 2013. Det var 594 millionar i snitt kvar veke det, gitt. Kor mykje var det vi samla inn til Regnskogfondet i haust, forresten?

Rett skal vere rett, det blei betalt ut over 21 milliardar i gevinstar, så einkvan har då gjort lukka. Det er likevel meir sannsynleg at ein blir påkøyrt, får kreft eller hjerteinfarkt før den store lottogevinsten tikkar inn på kontoen.

Det er klart - det kan jo skje! Opptil fleire vinn kvar veke, og kvar og ein av oss håpar på at denne gongen er det min tur. Eg kjenner faktisk på meg at det er eit kvart som kjem til å skje neste tysdag, når extrakupongen eg leverer ilag med Agnethe, venninna mi frå Austevoll, skal til pers. Det blir saker!

”Når eg vinn i lotto” har eg sjølv sagt sikkert 100 gongar, gjerne saman med vener som dvelar over same draumen. Då sit vi og vasar om kva vi skulle ha gjort. Vi drøymer då helst om Eurolotto og gevinst på ein plass mellom 80 og 270 millionar, vi skal då trass alt få gjort eitkvart. Kjøpe skrivargarden Leikvin på Nordfjordeid, bygge ny skule og eldretun her heime, bygge symjehall og kulturhus med vel utstyrt musikkskule og teaterscene, lysløype rundt flatraksdalen og gjennomgangsbustader så dei unge får etablere seg. Og så til meg sjølv – symjebasseng! Det har eg alltid ønskt meg. Då eg var lita drøymde eg om å gifte meg med ein austlandsbonde med digre, flate markar, for der måtte det då vere lett å få seg eit symjebasseng som det var litt storleik på.

Å vinne i lotto kan sjølvsagt skje, tanta og onkelen min har faktisk vunne to gongar, og det skikkeleg og. Likevel, det er altså ikkje verd å budsjettere med det. Det er nok best å spare om ein vil ha kroner på konto. Ikkje i banken – for all del. Det seier til og med dei som jobbar der. Nei, skal det bli noko av kronene så må dei i fond eller aksjar.

Eg har spart i fond etter at eg vart vaksen. Eg starta sparinga tidleg nittital, då alle bankfunksjonærar vart kompetente aksjemeklarar etter ein kick-off på Beitostølen. Då var det einaste saliggjerande å få alle pengane inn i fond - så fort som mogleg.

Dei var svært veltalande og virka kunnskapsrike då eg snakka med dei, og dei selde godt. Dei var ikkje fullt så kjappe i replikken då aksjane i fonda plutseleg gjekk betrakteleg ned i verdi i løpet av kort tid seint på nittitalet. Eg troppa opp i banken og spurte etter råd då eg såg Odin-fondet mitt gjekk frå å vere ein einauga Gud til ein blind jotne. Det blei med noko mumling der bakom skranken, og dama med blankettane som hadde råda meg til fond i første omgang hadde ikkje vore meir flau om ho hadde sete der naken. Ho unnskylda seg for at fonda mine hadde mista verdi, og var heilt klar på at eg burde få pengane ut før dei forsvann heilt. Sikkert ikkje det smartaste har eg lært i ettertid, men greitt nok – eg var nok ikkje klokare enn ho var.

Så er det tid for fond igjen, nemleg pensjonsfond. For litt sidan var eg nemleg på ”ladies only”- night saman med Judith og Renate, for å høyre om kor rike vi vert som pensjonistar. For det er visst det som skal skje, vi skal leve livet med reiser, vin og leik frå morgon til kveld. Det blir stas.

Det vart ein triveleg kveld i Turnhallen i Måløy, med bobler i glaset, tapas, friske damer og ikkje minst premie på 1000,- til underteikna – rett i pensjonsfondet. Ja for eg sparer allereie, noko anna ville jo vere galskap med dei mildt sagt uvisse pensjonsutsiktene vi har framfor oss.

”Ladies only”-kvelden gav mykje nyttig, om enn selektiv informasjon. Slik er det gjerne når ein bank skal selje produkta sine. Det som likevel gjorde mest inntrykk denne kvelden var at sjefen sjølv, ei dame på nokreogfemti frå Bergen by, syns det var heilt superdupert å tenkje på at ho neppe ville vere gjeldsfri før ho var 81. Og om der var meir ho ville vere med på, så ville tidsperspektivet berre bli forskyvd.

Sparebanken Vest spanderte både bobler og tapas då dei skule fortelje om pensjonssparing. Småbrisne damer er greie å ha med å gjere:)

”Driiit i det” sa ho, så ein mest skulle tru ho var frå Loddefjord. Her skal livet levast og fridomen nytast!

Eg må medgje at eg sat der som eit spørsmålsteikn. Dette var jo heilt motsett av det eg både har lært og tenkt i alle år. Eg trudde det var om å gjere å betale gjelda si og helst sitte utan den slags forpliktingar når ein vart gamal.

Det er det eg har tenkt på som fridom. Å ikkje skulde nokon noko som helst.

Der tok eg visst feil. Då er det vel stor fare for at det er banken som skal overta huset og hytta og båten når vi let att auga til slutt, og ikkje borna våre.

Er det det eg vil? Eg trur ikkje det.

Visst er det fristande for mange å berre betale renter på huslånet og då ha råd til enda fleire lån, kanskje på ein fin bil eller ei leilegheit i eit varmt land. Eg høyrde eit ungt par med små ungar som meinte det var heilt supert å ikkje betale avdrag på låna sine no medan dei var unge og kunne leve livet, for når dei vart gamle og kom i førtiåra så trengde dei ikkje så mykje pengar. Dei kunne starte nedbetalinga då. Eg ler meg ihel. Om det er noko dei treng i førtiåra, når ungane er blitt tenåringar og huset treng stellast, så er det no for fakerten pengar! Ungar blir ikkje billegare med åra, om dei trur det.

På åttitalet var lånerenta på både 12 og 14%, men då var det ingenting som heitte flexi-lån eller avdragsfrie ordningar. Når renta er så hysterisk lav som den er, så verkar det som om det er om å gjere å bruke mest mogleg og betale minst mogleg.

Eg forstår ikkje. Det må vel vere om å gjere å betale avdrag når renta er lav, for no monnar det jo?

Eg er nok gamaldags slik, men eg har tenkt å halde fram med å betale ned på gjelda mi og eg skal spare til pensjonen min. Eg skal og klare å leve livet, trass alt. Til det treng eg sjølvsagt pengar, men eg skal klare å fylle dagane med anna rikdom også.

 
 
 

Comentarios


101 ting er for deg som vil vere med når eg for eksempel:

 

- ryddar ut og opp

 

- skal lære å bruke mindre

 

- lagar noko

 

- hoppar i det

 

- spekulerer på ting

 

 

 

 

 

 

© 2016 by Vibeke Kroken. Proudly created with Wix.com

bottom of page