top of page

Musikk til livet

  • Vibeke
  • 26. feb. 2016
  • 6 min lesing

”Musik skal byggast utav glädje, av glädje bygger man musik” syng Lill Lindfors. Ja ein del musikk blir nok til slik, men jammen er det mykje musikk som kjem av ikkje fullt så positive vibbar også.

Adele, ei av dei aller største i vår tid, har tekstar fulle av anger, kjærleikssorg og melankoli. No har eg ikkje analysert samtlege tekstar av henne, men på jamna så handlar det om alt som ikkje gjekk som det skulle. Slik har det i grunnen vore sidan ho starta karrieren sin for 8 år sidan med albumet 19. Tenk, ho var berre 19 år, og fyller altså 27 i år. Ho er ein av desse unge som har vore vaksne heile sitt liv. Ho har til og med ein song som heiter ”When we were young”. Hello

Etter å ha lest litt om denne unge dama frå Tottenham i London, så er det nettopp kjærleikssorg og anger som har vore mest inspirerande når ho skriv tekstane sine. Det må vere utmattande. Ei tyngje i ny og ne må ein jo rekne med, men heile tida? Kanskje var det difor ho vurderte å legge opp for fem år sidan. Takk og lov gjorde ho ikkje det. Ho som så mange andre har funne god terapi i skrive seg gjennom dei trasige stundene i livet. Men no skal det vere sagt; mellomnamnet hennar er Blue

Dei fleste har vel hatt kjærleikssorg eller gjort noko dei angrar på. Det er likevel ikkje alle som klarer å skrive så godt om det som Adele. Nei, det er ikkje mange av oss…

Eg og har nemleg skrive ein slik song ein gong. I alle fall nesten.

Eg var 19 år (som Adele by the way), gjekk på folkehøgskule i Molde og budde på internat der. Heime var der ein fyr eg var så inderleg forelska i, og eg var såpass på tuppa ei helg at eg berre måtte heim.

No var det ei grense for or mange heimreisehelgar vi hadde på skulen, og denne spesielle helga var ikkje ei av dei. Inspektøren måtte difor overtydast såpass at han ville gje meg lov til å reise heim. Eg bad om eit møte, og fekk audiens.

Eg sat der i stolen framfor skrivepulten hans, lut i ryggen og trist, og slo ei plate om depresjon og heimlengt. Eg klarte til og med å grine ein skvett der på kontoret, såpass desperat og inspirert var eg.

Då eg gjekk ut av kontoret etter å ha fått lov til å reise heim, var eg overraska over meg sjølv. Eg gjekk på rommet mitt for å pakke. Eg unngikk lenge å sjå i spegelen over vasken. Då eg endeleg torde å sjå meg sjølv i auga etter det eg hadde gjort, klarte eg ikkje late vere å smile. Det var som ein smådjevel sat og drog i munnvikane mine. Eg sa høgt til meg sjølv: Fy søren, Vibeke. Du er jaggu dyktig. Tankane om ei skodespelarkarriere var innom hovudet mitt. Eg var både stolt og ikkje stolt på same tid. Ikkje stolt over å ha servert ei solid løgn - det var litt fælt, men stolt over at eg hadde klart å overtyde inspektøren såpass grundig at det gjekk min veg. Det var skummelt å bli bevisst på det.

Det skal seiast at den løgna eg serverte inspektøren svei godt på samvitet i lang tid etter. Der hadde den snille mannen sete og tykt synd i meg, og eg lurte han. Men, noko skal jo ofrast på kjærleikens alter, denne gongen vart det ein godtruande romsdøl.

Forelskinga vart altså inspirasjon til meir enn ei saftig løgn, nemleg ein song.

Det viste seg at karen der heime ikkje var av den mest trufaste sorten, og det oppdaga eg denne helga.

Laurdagskvelden var det dans i Samfunnshallen i Deknepollen. Der kom eg i prat med ei som eg brukte å treffe på dans, og det ho fortalde vart altså til ”songen”.

No er det berre å stålsette dykk, for her kjem den:

Yesterday you said you loved me

And you whispered in my ear: ”you are the only one”.

But yesterday, was the day that turned my life all blue.

‘cause I found out that you didn’t tell me the truth.

Yesterday, I met an old friend of mine,

she told me that she now had found her own true love.

And she told me how he looked, and the way he called her name,

And suddenly I knew her love was you.

Ref.

Why (skal haldast leeenge)

can’t I see through all your lies,

And why (skal haldast nesten like lenge)

can’t I resist your brown, brown eyes.

Why (skal haldast smertefullt lenge)

can’t I just break off like I aught to do,

it’s because deep in my heart I still love you.

Fantastisk. For det er jo nydelig morosamt, og litt småflaut sjølvsagt. Det var slett ikkje morosamt då, men eg har smilt masse av både songen og heile hendinga i ettertid. Det var tydelegvis noko som har gjort stort inntrykk på meg, for teksten sit som spikra enda, 27 år etter. Heldigvis har den også gjeve meg ein del lærdom. Der har eg og den godeste Adele noko til felles – det hjelper å skrive seg gjennom det. Det gjekk nemleg ikkje lange stunda før eg var over han for godt, og klar for nye påkjenningar.

MUSIKK VIRKAR

Musikk kan både lette på trykket og forsterke kjensler. Låtar som har hjelpt meg over ei kneik er til dømes Silje Nergaard sin ”How are you gonna’ deal with it”. Smått provoserande når du står der i smørja, men du veit at ho har rett. ”Undiscovered” med James Morrison. Enda ein ungdom som har peiling. Stor takk til Bente Line som svei ein CD med denne kloke guten til meg, då ho tenkte at eg trengte det.

Adagio i G-moll av Tomaso Albinoni oppdaga eg då eg var 15 og hadde sommarjobb i Asker kommune. Eg budde hos tante Vigdis og onkel Egil, og på rommet der eg sov var der ein kassettspelar og ein kassett med denne på. Den hjelpte ikkje på heimlengselen.

Om eg er småsur og nokon set på ”Baby, baby, baby” med Justin Bieber (ja faktisk) eller ”My hero” med Foo Fighters, så stig humøret kjapt. Eagles sin "Desperado" får meg til å synge høgt i bilen, og det er ingenting som slår ein god crescendo, berre høyr på Spartacus Theme frå TV-serien Onedin Line. På full guff altså.

Spartacus har eg til og med vore med å spele.

Å utøve musikk er også ei stor glede for svært mange eg kjenner, inkludert meg sjølv. Om det er ikkje meir avansert enn korps, er det heilt utruleg kva eg har fått igjen av å ha spelt og delt musikk med andre. Personleg er det noko eg meiner alle foreldre bør gje ungane sine høve til. Ikkje nødvendigvis å gå i korps, men lat dei i det minste prøve å lære eit instrument.

Nokre av dei aller største opplevingane eg har hatt i mitt liv, har vore relatert til musikk. Eg gjekk ei tid i Ytre Nordfjord Brass (YNB) og spelte althorn der. Eg spelte lengst med Hans Joachim Schüttke som dirigent. Ein mann det visstnok ikkje var så lett å like, han stilte svært strenge krav til øving og konsentrasjon, og det var det ikkje alle som likte like godt. For meg var han perfekt, som dirigent altså, og for ein musikk han klarte å vri ut av oss! Vi spelte konsertar både heime, i distriktet og i Tyskland saman med han, og det var ståande applaus og begeistring over alt.

No er det blitt nokre år sidan, men det sit i enda og eg lengtar tilbake.

I haust deltok YNB på Oktoberfestivalen i Stryn. Eg er ikkje lenger medlem, men dei trengde nokon til å ta stortromma så eg vart med. Ompa-musikk er ikkje det mest kompliserte å sette seg inn i så det gjekk bra. Sjølv om det regna og det kunne vore greitt med ein schnaps på hytta i staden, var det kjekt å vere med gjengen igjen.

Eg la merke til ei dame som stoppa opp medan vi spelte, og som vart ståande og studere ein etter ein av musikantane. Ho småsprang endåtil etter oss då vi skulle gå til neste spelestasjon. Ho nappa tak i venninna mi Lisbeth og spurte:

- Kven er det som spelar?

- YNB, svarte Lisbeth.

- Ja, men kva betyr det? sa ho lett alterert.

- Ytre Nordfjord Brass, forklara Lisbeth.

- Jah, det var det eg visste, ropte ho triumferande og vifta med paraplyen så vassdropane skvatt. - Eg var på ein konsert med dykk for fire-fem-seks år sidan her i Stryn, og det var heilt fantastisk! Det er det beste eg har høyrt nokon gong!

Snakk om kick for sjølvkjensla – eg hugsa også den konserten, vi spelte fantastisk!

Regnet var ikkje å merke lenger, og eg dundra laust på stortromma med om mogleg endå større glede.

Av musik bygger man också glädje!


 
 
 

Comments


101 ting er for deg som vil vere med når eg for eksempel:

 

- ryddar ut og opp

 

- skal lære å bruke mindre

 

- lagar noko

 

- hoppar i det

 

- spekulerer på ting

 

 

 

 

 

 

© 2016 by Vibeke Kroken. Proudly created with Wix.com

bottom of page