top of page

10.000 kr

  • Vibeke
  • 4. mars 2016
  • 4 min lesing

Då eg tok fatt på nyttårsforsettet om å blogge i eitt år, var eit av måla å sparke meg sjølv i baken og få gjort eit kvart. Når ein seier noko høgt, eller skriv det så mange kan sjå det, er det vanskelegare å gå tilbake på det. No har eg gjeve meg sjølv det som kjennest ut som 10.000 KR.

Altså 10.000 kraftige rævaspark.

Lat meg forklare litt først. Som eg har skrive tidlegare, så fann eg fram til yoga for ei tid sidan. Eg fatta interesse for denne forma for fysisk fostring fordi eg tenkte det ville vere ei god treningsform for meg med eit okle/ankel som ikkje lenger tåler korkje fart eller spesielt mykje spenning.

At yogaen skulle finne meg, var eg derimot ikkje førebudd på. Det tok meg litt på senga, rett og slett. No kan eg ikkje tenkje meg dagane mine utan.

Det er vanskeleg å forklare kva som har skjedd, og kanskje skal det ikkje forklarast. Som Judith sa til meg: Kanskje vi skal legge vekk det logiske og matematiske hovudet vårt av og til og la det få lov til å berre vere slik.

Eg trur det er klokt. Vi treng ikkje ha anna svar enn at - ja - dette er rett. Vi treng ikkje analysere eller rasjonalisere noko som helst, faktisk. Eg treng ikkje vite kvifor det utløyste tårer at eg sat med attlatne auge med krossa bein og laga sirklar med overkroppen. Eg var verken lei meg eller overlukkeleg, men eit kvart skjedde - heilt av seg sjølv. Eg treng heller ikkje vite kvifor eg kjennest så oppløfta etter ei økt med pusteøvingar og fokuserte kroppsrørsler. Eg kan ikkje forklare kvifor eg - eit utprega B-menneske - er motivert til å stå opp klokka kvart over fem om morgonen for å få gjennomført iallefall fem solhelsingar før jobb. Det berre er slik, og slik vil eg ha det.

No skal eg ikkje bli for spritiuell, for akkurat no er dette eit svært så handfast tilvære for meg, altså det som gjev meg kjensla av å ha hoppa frå 10-meteren. Utan badedrakt. Med publikum.

Eg har nemleg gjeve meg i kast med eit yogainstruktørkurs. I Oslo. Det er eit kurs som skal gje folk nok kunnskap om og kjennskap til Ashtanga yoga, slik at dei kan instruere og inspirere andre inn i denne eldgamle forma for menneskebygging.

Eg seier ”folk” og ”dei” sidan eg ikkje veit om eg klarer det enda. Men gu kor eg vil! Og det er lagt skumlare enn det høyrest...

Eg har til no vore på ei helgasamling. Natta etter første samlingsdagen, fekk eg knapt sove. Eg blunda litt og vakna litt, vrei den støle kroppen min hit og dit for å få tankane til å falle til ro.

Kva hadde eg gjeve meg ut på? Her kom eg tuslande inn i studioet og helste hei til folk, og syns no dei såg både kjekke og snille ut. Det var dei og, yogis brukar vere det. Men dei var også elstremt mjuke og tøyelege, røynde, sterke, sikre i rørslene sine - og ikkje minst flytande i Sanskrit. Ikkje alle då, men mange. Og ALLE kunne så uendeleg mykje meir enn meg.

Skilnaden på oss merka eg spesielt godt då vi vart overlatne til oss sjølve i ei økt som kallast Mysore, ei slags eigentrening der ein går gjennom ulike øvingar i Ashtanga-læra. Lærarane er der for å justere og rettleie, elles styrer du deg sjølv. Eg hadde sjølvsagt aldri vore bort i det før, så eg stod no der og peiva i dei øvingane eg har litt kjennskap til. Så oppdaga eg at dei rundt meg hadde eit slags mønster dei gjekk etter. Nokon raskt og nokon seinare, men det var mogleg å sjå at dei hadde mykje til felles. Og sjølvsagt eit langt større register av øvingar enn det eg kjenner til.

Eg fekk nokre pussige blikk frå eit par som kika opp i ny og ne, og eg skjønte fort at eg var på bærtur.

Heldigvis vart eg teken hand om av Basia, læraren vår, som forøvrig mest minner om ei gresk gudinne trass i at ho er polsk. Basia gav meg ei som eg kunne herme etter, så då gjekk det noko betre. For å seie det enkelt og på norsk så handlar det om sekvensar av bestemte øvingar som skal gjerast i rekkefølgje. Ikkje hulter til bulter og frå både eine og andre læra, slik eg gav laust. Det var som om eg hadde hive meg ut i diskotakter på platåsko blant bunadskledde i ein leikarring. Slik kjendest det iallefall.

Det var flaut, det må eg medgje, men eg prøver å ikkje la det gå inn over meg. Eg vil jo så gjerne lære, og då hjelper det ikkje å stille seg bakarst eller la hemningane sette grenser. Eg prøver likevel å ikkje vere til hinder for dei som kan så mykje meir og som nok syns eg hadde hatt godt av nokre år til på baken før eg troppa opp der blant dei.

Når det er sagt, så er der fleire område eg faktisk slår medelevane mine på, altså. Eg trur jammen eg er eldst. Moglegvis er der ei eller to som har eit år på meg, men det skal eg vere forsiktig med å seie noko om. Så er eg nok også heilt i teten når vi snakkar kroppsvekt, eg trur eg ligg rimeleg langt oppe på skalaen der.

Dessutan så meiner eg at eg er den som har aller, aller mest å lære.

Vi må vere positive der vi kan!

Heldigvis så handlar ikkje yoga om å vere mjukast mogleg eller sterkast mogleg. Det handlar om å lære, å utforske og søke innsikt. Lære å kjenne oss sjølve, å bli kjend med kroppen vår. Utforske korleis kropp og sjel heng saman, og forstå metodar for å finne ut av det. Når eg kjenner den effekten yoga har hatt på meg med det eg har tileigna meg til no, så kan eg nærast ikkje fatte kvar eg vil vere når endå meir kunnskap og kjennskap har festa seg i meg.

Det målet kan eg ikkje la flauhet og skam hindre meg i å nå.

Eg reiser på neste samling også, så tek eg det derifrå. Eg har alt lært utruleg mykje, og når sommaren er over, håpar eg å kunne lære bort noko sjølv.

Namaste.


 
 
 

Comments


101 ting er for deg som vil vere med når eg for eksempel:

 

- ryddar ut og opp

 

- skal lære å bruke mindre

 

- lagar noko

 

- hoppar i det

 

- spekulerer på ting

 

 

 

 

 

 

© 2016 by Vibeke Kroken. Proudly created with Wix.com

bottom of page