Kva vil vi betale for?
- Vibeke
- 11. mars 2016
- 3 min lesing
”Håpa du utnytta priskrigen til å lage påskeegg;);)”
Denne meldinga plinga på messenger frå eldstejenta i Bergen. Eg visste ikkje om nokon priskrig, så svaret blei ”Eh, janjeitja…”. Eg rekna med at det hadde med godteri å gjere ref påskeegg, og eg tenkte at det er då billeg nok på lokalbutikken til 6,90 per hekto i helgane. For påskeegg skal bli, sjølv om ein er over 20. Sånn er det berre, på lik linje med julekalender.
Så kom det altså for ein dag at det var smågodt på Rema 1000 til 2,90 per hekto. Min første tanke var at jau, då skal eg jammen fylle opp nokre påskeegg. Men eg kjem då ikkje til å kjøpe meir enn vanleg på grunn av det. Trudde eg.
Eg entra Rema 1000 i Måløy onsdags kvelden rett etter trening hos Yoga-Henny, og såg havet av godteri rett på sida av kassaapparata. Boksar med alle favorittane i stablar! Eg plukka meg ein pose og ei skei – eller ausekar kan eg vel heller kalle det. Rema 1000 hadde funne fram dei riktig store posane denne kvelden. Eg tok til å fylle posen med skulekritt og punchknappar, heksehyl og haudeskallar. Det monna svært lite i posen, sjølv om eg kjende vekta auke i handa. Eg fylte på meir, og det var enno god plass. Når eg kom ver halvvegs i posen, tenkte eg at det var nok. Nokon av dei andre kundane gjorde det enkelt, dei plukka med seg heile boksar, og jammen skulle dei til Rema 1000 i Deknepollen og finne det dei ikkje fann i Måløy.
For å seie det slik, eg kjøpte for ganske mykje meir pengar denne dagen enn eg har gjort elles. Men no er det jo påske… Eg skal jo ta med på besøk i helga… Eg treng jo ikkje ete det opp… Skal tru om eg kjem på fleire måtar å rettferdiggjere hamstringa…

For å seie det sånn, eg er ikkje stolt av storhandlinga. Den er jo berre dumt, eigentleg. Visst får både mine og andre sine ungar solide påskeegg av meg denne påsken, men det er mon i mindre. Når det kjem til smågodt så er det jo berre rett og slett ufornuftig å kjøpe 3 kg… Men eg gjekk rett i fella, slik det heilt sikkert var meint eg skulle.
Pris på ulike varer opptek oss. Vi har det nok ofte med å snu på øret og la krona gå. Spesielt viktig er det å få rett pris på drivstoffet til bilane våre. Kven har vel ikkje diskutert bensin- og dieselprisar der ein snakkar om 20-30 ører i forskjell frå bensinstasjon til bensinstasjon og frå dag til dag? Då er det frustrasjon og akkedering over kvar ein skal fylle for å få beste pris. Tenk over det - det er faktisk ikkje snakk om meir enn 15-20 kr per tank. At nokon då køyrer eins ærend for å fylle drivstoff, kanskje nokre mil fram og tilbake, står for meg som ei gåte. Då kan umogleg målet være å spare pengar. Vi tar heller ikkje fem øre for å køyre ein ekstra tur på butikken eller på trening heller, sjølv om det ligg i gangavstand, men bensinprisen den må vi følgje nøye med på.
Vi brukar pengar på så mykje løye, og så lar vi vere å bruke pengar på andre ting.
Vi kjøper gjerne vatn på flaske til 15-20 kroner flaska, noko vi kan tappe rett frå springen. Å bruke nokre kroner ekstra på egg frå frittgåande høner istadenfor burhøns, nei det kostar for mykje.
På Flatraket har vi nærbutikk, i ordets rette forstand. Du kan ringe inn handleliste og få varene frakta heim. Om du treng noko som ikkje fins i hyllene, gjer Gunn Helen det ho kan for å få fatt i det for deg. Ho ringjer når det er kome på plass. På butikken treffest vi, anten i det ein spring innom i tøflane for å kjøpe rundstykker til laurdagsfrokosten, eller det skal tippast lotto før fristen er ute. Her handlar vi vårt daglege brød - og middagsmaten. Der er plass til eit lite bord med loddsal for korps og fotball, kyrkja og revmatikerforeninga, og i ny og ne er det råd å få seg ein kopp kaffi også.
Kostar det meir å handle på nærbutikken enn på Rema og Kiwi lenger sør? Mogleg det, når kassalappen gjennom månaden skal slåast saman, eg har ikkje rekna på det. Likevel, å køyre ekstratur forbi nærbutikken fordi det er billig smågodt på Rema eller svineribbe til 29,90 på Kiwi, det har eg vanskeleg for å tru på. Dessutan meiner eg at lokalbutikken min har så stor verdi for både meg og bygda mi at eg er villig til å betale den lappen ekstra for å behalde den. Det blir tomt den dagen den må stenge.
Comments