top of page

Home&love&cupcakes

  • Vibeke
  • 18. mars 2016
  • 6 min lesing

Så lenge eg kan hugse, har eg vore oppteken av design og interiør. Eller, det starta vel med interiør, og sidan kom design som ei naturleg utvikling.

Før var nok både interiør og design-interessa mi prega av kva som var inn i tida. Det er den for så vidt enda, sidan det stadig dukkar opp ting som heilt klart er trendprega, og som eg syns er vakre. Men valet av kva som kjem inn i heimen er blitt langt meir eklektisk, og for nokon, slett ikkje trendy i det heile. Problemet mitt er at når eg ser ein ting eg likar så er det stort sett så dyr at eg berre kan drøyme om å få den inn i heimen.

Eg er spesielt svak for stolar. Og lampar. Når det gjeld stolar så har eg to gongar brukt masse pengar på å skaffe meg dei eg vil ha. Det første eg sparte til var to av Le Corbusier sin Chaise Lounge. Rett nok ikkje originalar frå 1929, men originale nok sidan dei vart produsert på lisens. For meg er den stolen eit utsøkt eksempel på god design og godt handverk. 87 år gamal og framleis tidlaus.

Andre gongen eg brukte mykje pengar stolar, var ca 15 år etter Le Corbusier-kjøpet, då eg hadde spart lenge nok til 4 stk ”Tulip” av Eero Saarinen frå 1956. Gleda var stor då eg endeleg kunne pakke opp dei kvite blomane og legge på plass den grå puta i setet.

Galskapen opp i dette er at i dag stolane står på hemsen og er for tida ikkje i bruk. Eg arva nemleg spisestovemøblementet til farmor då ho flytta i omsorgsbustad – eit stilfullt eikemøblement i perfekt retrostil, og så velhalde at det er ei fryd. Den rir meg litt denne stolleiken, og er jo eit idiotisk luksusproblem. Eg har ikkje klart å løyse det enda, men stolane blir ståande, i alle fall ei stund til.

Om eg er blitt meir selektiv i valet av kva eg tek inn i heimen, så er eg sjølvsagt påverka av trendar eg og. Det var ei tid eg var svært så trendy, sjølv om eg grøssar ved tanken av fargevalet og tekstilane i dag. Kven av dykk på min alder hugsar vel ikkje dei syreluta furumøblane, bonderaudt, bondeblått, grønt og okergult på veggar og gardiner, dukar og putevar. No skal eg vel ikkje påstå at den interiør-fema hadde så mykje med design å gjere, men interiørdesign var det – og så til dei grader populært. Det skulle vere heimekoseleg.

Då Marte vart fødd i -95, var stova i leiligheta vår i Måløy okergul og dei flotte gamle dørene med spegl var sirleg mala bonderaude og grøne. Vi hadde sofa som var oppattrekt i dei same fargane som dørene, duken på bordet var i grøn, vevd bomull med små duskar rundt kanten, og sjølvsagt var det pynta med lysestakar og anna nips i hamra messing. Mormor, som då var i midten av åttiåra var på besøk for å sjå på nyfødingen. Ho gjorde store auge då ho kom inn i stova for første gong. Aldri hadde ho vel sett eit rom som var så gjennomført i fargar, og vi smilte stolt og var vel nøgde. I dag hadde vi jo fått krupp berre ved tanken på å måtte bu i eit slikt interiør.

Men det skal denne bonderomantikk-stilen ha; den varte svært lenge, og i enkelte ungkarsleiligheter kan ein enno ane stilen. Dei syreluta furumøblane stod jo får ein støyt og var for gode å berre hive ut døra etter nokre år. Mange vitrineskap og kommodar frå nittitalet står framleis i heimane våre, men knottar, sprosser og dei runde formene er fjerna, den ru materialen pussa ned og mala kvit eller grå. Kjempeflott gjenbruk, og dei ”nye” møblane passar perfekt inn i ”home&love” stilen, som har regjert ei stund no.

Sjølv har eg aldri teke inn ”home&love”, og det har overraska meg at den vart så altomfattande som den blei. Eg trudde faktisk at mannen i heimen hadde meir han skulle ha sagt når det kjem til kva møblar og nips ein vil omgje seg med. No kan det ha noko med at dei to menna eg har budd ilag med hittil i livet, har vore i overkant interesserte i både handtverk og design, vore svært kvalitetsbevisste – og har ville hatt meir enn eitt ord med i laget. For det er ikkje til å stikke under ein stol at home&love&cupcakes-stilen er svært feminin og prega av kvinnehand. Men som venninna mi Vigdis seier” Happy wife, happy life” – kanskje det er difor den stilen har fått slikt rotfeste. Karane let kvinnfolka halde på. Eg har dessutan hørt rykte om at sjølv nokon av dei mest maskuline karane i bygda er blitt observert i det dei tender telysa på lysfatet, skjenker seg eit glas raudvin og kurar seg ned i den kvite sofaen med pledd på fotane sine, medan bokstavane i bokhylla kastar lange skuggar i lyset frå lys-logane. Det er utruleg kva eit stemningsfullt og triveleg interiør kan gjere med folk.

Eg kjenner ei som i likskap med meg har litt vanskeleg for å finne seg til rette i dette ”bokstavhelvetet”, som ho har valt å kalle dene trenden. I rein protest gjekk ho til innkjøp av nettopp bokstavar – store og lett synlege. Ho valde to K-ar og ein U, og sette dei i rett rettefølge i reolen. Fantastisk humor, syns no eg. No høyrer det med til historia at bokstavane helst ligg i reolen, men ho har då fått sagt sitt likevel.

Det er ikkje mi hensikt å snakke ned cupcake-stilen, sjølv om det kan høyrest slik ut. Det er ikkje tvil om at det er publisert mykje vakkert på Instagram og facebook frå heimar der denne stilen vert reindyrka. Og visst er det vakkert med småbarn med bustete hår i linskjorte eller blondekjole som spring berrføtt på det kvitmala tregolvet. Det er berre det at eg syns det er så likt, alt saman. Når eg les i interiørblad der eigarane av desse heimane skal svare på spørsmålet om kva som karakteriserer stilen deira, svarer samtlege: ”Den er veldig personlig”. Det er tilsynelatande veldig mange like personlegdomar der ute. Og det er vel det som gjer at ein trend blir skapt. Skal ein trend vare ved, må jo mange nok henge seg på.

Bokstavtrenden held altså stand enda, og dei kvite, duse interiøra sameleis. No er det heldigvis litt fargar på veg inn, og det er godt å sjå.

Eg har stor tru på at gode interiør har positiv innverknad på folk, anten det er home&love, bohem, shabby chic, minimalistisk eller maksimalistisk – berre det er godt gjort. At folk er meir og meir opptekne av interiør og at ein har det fint rundt seg, tyder også på gode tider.

Det er sjølvsagt ei stor, svart bakside med interiørtrendane, og det er det vanvitige forbruket det fører til. Då er eg kjempeglad for alle dei som har henta fram det syreluta furuskapet, pussa og kappa litt, og malt det til eit nytt liv og er vel nøgde med det.

Eg har det med å lage ting, eg då. Svært mykje av det eg syns er vakkert og som eg har lyst på, er som sagt stort sett altfor dyrt. Det har resultert i fleire meir eller mindre vellukka prosjekt. Ein gong strikka eg to lampar fordi eg fann aldri noko eg ville henge i taket, men måtte ha opp lampar. Så vart eg lei dei og klipte dei ned. Då laga eg to nye, kjempestore lampeskjermar av avispapir, tapetlim og billakk – utruleg stilige, men dei samla mykje støv og var naturleg nok vanskelege å vaske.

Dei siste lampane eg lagde, fekk eg ideen til då eg fann oppfyringspinnar på Biltema i Ålesund. Messingfarga metalltråd fann eg på Søtrene Grene i Bergen. Heldigvis har eg kappsag og 2 millimeter trebor, så då vart det enda eit par nye lampar. Dei heng enda.

På hobbyrommet står ferdig kappa material til eit salongbord eg skal lage. Eg kan røpe at det omfattar MDF-plater og eit stort stykke tova ull strikka av mor. Understellet er eg ikkje heilt i hamn med enda, men eg trur dei har noko metallstyr på BFG som kan brukast. Om det blir design veit eg ikkje, men eit interiørobjekt blir det i alle fall ut av det.

Det er også på tide å få rydda litt igjen. I påsken skal eg prøve å få orden på det omtala hobbyrommet, det ser nemleg ikkje ut. Mange uferdige prosjekt innimellom malingsspann, utkledningskle og verktøyskrin. Eg lover å ta før- og etter-bilete.


 
 
 

Comments


101 ting er for deg som vil vere med når eg for eksempel:

 

- ryddar ut og opp

 

- skal lære å bruke mindre

 

- lagar noko

 

- hoppar i det

 

- spekulerer på ting

 

 

 

 

 

 

© 2016 by Vibeke Kroken. Proudly created with Wix.com

bottom of page