top of page

Den perfekte påska

  • Vibeke
  • 1. apr. 2016
  • 4 min lesing

Påskeferien i år var lang. Herleg lang. Ikkje eit minutt for mykje. Eg kjenner eg kunne hatt påskeferie ei veke til. Minst. Ein perfekt påskeferie, utan eit einaste stavtak. Tenk det!

Eg treng slett ikkje gå på ski for å ha ei fin påske. Eg fekk gjort mykje av det eg ønskte, droppa noko eg tenkte eg måtte og gjorde heller noko anna i staden.

Det eg ønskte var å få treffe folk eg er glad i. Det gjorde eg. Om ikkje absolutt alle, så i alle fall ein god del. Eg traff både familie og vener. Eg tok turen til Bergen, til bror Anders og familien hans. Og Emmy og dei seks hundekvelpane hennar, sjølvsagt. Eg var til Sotra og Hellesøy for å helse på folk eg er så sabla glad i. Nokon av dei har eg ikkje har sett på fleire år. Heldigvis er dei akkurat som før, like vakre og like gode å klemme på. Det gjorde godt, eg trur eg smilte heile dagen.

Marte fylte 21 år medan vi var der, og vi overraska henne med å samle nesten heile pappa-slekta hennar på den vesle, italienske restauranten De Stefano i Strandgaten 96 i Bergen. Herleg bruk av tid. Eting og prating i tre timar.

Ja, og så brukte eg tid på yoga sjølvsagt. Masse yoga både i Bergen og ilag med kjekke og gode bygdafolk etter at vi var komne heim. Perfekt bruk av tid det også, i eit heilt fint tempo. Innimellom kursa eg går på ved Hiyoga i Oslo, må det nemleg trenast masse. Ikkje berre på eiga hand, men det må også øvast på å instruere andre. Heldigvis stilte mange frivillig opp for å bli instruert av vesle meg. Interessa var over all forventning, folk var glade, interesserte og blei motiverte av å få vere med. Dei jobba med Ujjayi-pust, heldt både ein og to Bandha og fokuserte i Drishti. Kor utruleg gjevande det var! Eg kjenner meg djupt takknemleg! Namasté, seier eg berre.

Det eg trudde eg måtte, var å rydde hobbyrommet. Eg gjorde ikkje det. Eg ville ikkje likevel, rett og slett. Difor ser det slik ut enda. Men noko nyttig gjorde eg. Det skapet som står midt på golvet der, er no ferdig malt og komt i bruk. Så jau, rommet er kanskje litt ryddigare no når skapet er borte.

Skapet er det skapet Leif med stivefoten (ref tidlegare blogg om selektiv hukommelse) hadde sjokolade i, i gamlebutikken på Flatraket. Eg har malt det mørkeblågrønt (eller med Jotun sin "Havdyp" for dei som er interesserte) og sett det på badet mitt. For å få det på plass måtte eg sage av ei IKEA-hylle eg har hatt i sikkert 15 år. Det gjorde slett ingenting for med det fekk eg ein krakk til å sitte på, eller sette lyslykta mi på - som eg alltid må tende når eg tek eit bad:). IKEA-hylla er dermed sikra eit liv i nokre år til.

Slik såg det ut før eg saga...

... og slik ser det ut no. Sjokoladeskapet på plass på eine delen av den avsaga hylla, og lyslykta mi på den andre.

Som de sikkert forstår, så likar eg å halde på med denslags. Og som de sikkert forstår, så likar eg blått. Soverommet mitt er blått, badet er blått (altså Jotun sin Havdyp det også) og store delar av stova er også no blå (Jotun sin Deco blue). Dei som ser meg lufte teppa på altanen forstår også at eg likar blått.

Å få male andre stoveveggen i Deco Blue, sette liljene i vasen på arvestykket frå farmor var rett og slett tilfredstillande. For andre er dette stillebenet berre eit interiørbilete, men for meg rommar det så utruleg mykje meir. Det inneheld er fargen som gjev meg ro, blomar eg elskar, pilekvistar frå bror min, flamingoen jentene mine diggar, familieminner i skjenken den står på og ei ny bok om yoga - oppå ein stabel av interiørblad. For meg kompletterte dette heile påskeferien, og litt til.

Så var det tilbake på jobb tysdag.

Akkurat no kjenner eg at det godt kunne vore påskeferie oftare. Eg har så mykje tenking som skulle vore gjort, så mykje eg skulle hatt tid til å lære meir om, så mange idear eg skulle fått sett ut i livet, så mange folk eg skulle ha besøkt og klemt på igjen, teke eit glas vin med, ete god mat med.

Men - eg må jo sove, gå på jobb, vere på utviklingssamtale på skulen, lufte hunden, stelle hus, vatne blomar og sjå til at rekningar blir betalt og at det er mat i huset.

Det er fint det og, for all del. Eg har gode rutinar som gjer at det skjer utan for mykje om og men. Det er jo om å gjere å få det ein MÅ gjere til å vere noko ein har LYST til å gjere. Eg veit det, men av og til er det vanskelegare enn andre gongar. Heldigvis skjer det spennande ting på jobb om dagen, og heldigvis har eg fine ting å drive med her heime også. Mellom anna eit hobbyrom som skulle vore rydda. Skal tru om eg finn enda eit uferdig prosjekt der eg kan gjere ferdig og vise fram snart...


 
 
 

Comments


101 ting er for deg som vil vere med når eg for eksempel:

 

- ryddar ut og opp

 

- skal lære å bruke mindre

 

- lagar noko

 

- hoppar i det

 

- spekulerer på ting

 

 

 

 

 

 

© 2016 by Vibeke Kroken. Proudly created with Wix.com

bottom of page