top of page

Den som hadde hatt ein dreng...

  • Vibeke
  • 8. apr. 2016
  • 5 min lesing

No livnar det fakerten meg i lundar, folkens! Vårsola kliv snart Nakken og i staden for å ta kveld tidleg på ettermiddagen, vil ho snart vare og vare og vare til ho går ned i sildagapet. Og då vil ho skine enda lengre inn gjennom vindauga i huset mitt. Og innover stovegolvet. Og bort på den kvite kjøkeninnredninga.

Aller først bryt sollyset i nokre matte dråpar og render på vindauget. Dråpane og rendene er ikkje utanpå. Dei er akkurat i høgde med gapet til ein liten hund som har gjort det til vane å stå å pese og kjefte litt når ein måse fyk lavt over Hagbartmarka før han landar, eller når naboane Eirik og Stine kjem heim frå jobb. Så strekkjer solstrålane seg vidare bortover golvet. Dei herkjer litt i smular og hundehår som har lagt seg til rette på parketten, og kastar lange skuggar før dei fer vidare og retteleg lyser opp det kvite - eller i alle fall nokså kvite, kjøkenet vårt. Dei blanke handtaka er visst ikkje så blanke, og jammen viser det at eg hadde litt smør på fingrane då eg var ned i skuffa og henta fram ein kniv i går. Issa.

Ja, den er ubarmhjertig på den måten, vårsola, men skitne vindauge, støvete golv og flekkete kjøkeninnredning er lett å gjere noko med. Ein liten sprut vatn, ein fiberklut og ein pusseklut er alt som skal til for at vindauga skin dei også. Støvet på golvet flyttar på seg om eg let opp altandøra og slepp inn litt trekk. Flekkane på kjøkeninnredninga får eg gnure litt på, men heller ikkje det er verd å ta så altfor tungt. Det viktigaste er då at sola skin og våren er her!

Då er det litt verre når eg får melding frå Marte som nett er reist tilbake til Bergen. ”Du må sjekke røra under vasken på badet nede. Handkleda er heilt fuktige”. Handkleda ligg i skuffa rett under vasslåsen til vasken. Forbaska greier, altså. Eg sjekkar, og riktig nok - handkleda er fuktige og må rett i maskina før det går blåmann i dei.

Eg skrur av koppen underst på vasslåsen, gjer reint røret og koppen sjølv. Issa. Bra sola ikkje skin her. Eg skrur på att og tenkjer at kanskje er det fiksa no, det var trass alt litt grums ned i der som no er vekk. Eg set på litt vatn - heilt forsiktig - utan at det kjem ein dråpe. Gode greier, tenkjer eg og let att skuffa. Ferdig med den.

Så kjem kvelden og eg skal pusse tennene. No heng alle dei nyvaska handkleda til tørk og skuffa er tom. Eg opnar kranen og høyrer desverre at det plaskar godt mot skuffebotnen. Det var visst ikkje fiksa likevel. Eg opnar igjen og no undersøkjer eg litt nærare. Jau, der er ei glipe i koplinga mellom sjølve vasken og plastdelane der vatnet fløymer gjennom. Eg riglar litt i røyrdelane, og kanskje, om eg berre brukar litt og litt vatn så vil det gli på plass igjen.

Noko rett må eg ha gjort, for dei neste dagane er det tørt og fint i skuffa. Men så brukar eg svært lite vatn også. Neste gong eg gløymer meg, fossar vatnet utover igjen, og eg må erkjenne at her må det reparerast, ikkje berre riglast og håpe på det beste. Eg hentar skrujarnet og vaskebøtta, og gyv laust på arbeidet. Eg demonterer, gjer reint, flyttar litt på plasseringa av pakningane, knotar litt med rekkefølgja når eg skal sette delane saman att, men til slutt får eg alt på plass att. Og tett har det vore sidan.

Den som hadde hatt einkvan i hus til å gjere slikt. Ein god, gammaldags dreng hadde vore tingen. Gamleredaktøren min, Marit Rose, var gift med ein skipper. Ho meinte bestemt at ei kvar fiskarkone burde ha ein dreng i hus. Når mannen var borte halve året, var det då forskjellig som skulle gjerast. Eg er heilt samd. Dessutan bør det gjelde einslege kvinnfolk òg. Det er ikkje det at det er så vanskeleg all ting, men det er så forbaska irriterande arbeid! Eg klarte sjølvsagt å få reparert vasken, det handlar ikkje om det. Må ein så må ein. Men det er likevel den typen arbeid som eg syns hadde vore kjekkare om nokon andre gjorde det…

Der er fleire typar arbeid i den kategorien. Skifte dekk, vaske bil, montere lampe, fuge dei siste kantflisene på badet, få fiksa skyvedøra som stadig hektar seg av beslaga, bere inn og ut hagemøblar, riste tepper, renske takrenner, skifte pakningane rundt inngangsdøra, ordne vaskemaskina som ikkje vil tøme seg, skure terrasseborda. Og så sånt neglebit-arbeid som å vaske dekka og felgane som nettopp er skifta. Eg kjem sikkert på noko til. Ja, den stikkontakta eg skulle ha flytta.

Nei, ein real dreng hadde gjort seg. Gjerne ein stor og sterk ein. Og eg treng strengt tatt ikkje ha han i hus heller. Ein altmogleg-person som ein kunne ringe til. Ein som kunne kome å fikse litt for ein grei penge, og så ta ein kopp kaffi etterpå. Kanskje det er fleire enn eg som har nytte av det, eg er ikke den einaste einslege stakaren rundt om her. Dessutan sleng det ei og anna fiskarkone óg. Og til deg som er på reis store delar av året; det hadde kanskje vore greit å kome heim utan at ei lang to do-list låg og venta på deg. Eit aldri så lite forretningstips der altså til den som måtte føle kallet. No skal det seiast at eg her ein far som hjelper meg med forskjellig av den sorten, men eg kan jo ikkje be han heile tida heller.

Men aldri så gale det ikkje er godt for noko. Vasslekkasjen gjorde at eg fekk ordna eit kvart anna óg. Då eg dreiv å sjekka om det kom vatn eller ikkje, måtte eg sjølvsagt ha opp og igjen skuffene. Fleire gongar. Stadig var det eit kvart som låg i vegen i øvste skuffa, og di meir eg såg havet av dilldall, dess meir kom ånda over meg at her bør det igjen ryddast.

Full skuffe

Eg las nettopp i ei bok at du skal ikkje rydde rom for rom, men kategori for kategori. Eg tenkjer det kan vere eit godt utgangspunkt; å ha alt i same kategori på same plass. Eg plukka ut av skuffa og la innhaldet i kvar sine haugar på golvet. Hårstell, tablettar, fotpleie, hand- og neglepleie, tannstell, sminke og så vidare. Det vart 12 kategoriar, inkludert boss. Fleire av kategoriane har i utgangspunktet base andre stader i huset, som for eksempel tablettar og smykke. Eg gjekk gjennom kvar haug, for ting må jo vurderast før skjebnen deira vert avgjort. Eg fann mellom anna ein leppeskrubb frå merket Mary Kay, som er eit homeparty-merke. Seljaren hadde sett ein klistrelapp med kontaktinformasjon på, og etternamnet var Vassnes. Altså frå tida eg budde i Austevoll. Eg fann óg ein Zovirax av det potente slaget. Den er veldig god på munnsår, heilt sikkert kjøpt på ferietur ”bort i Syden”.

12 kategoriar

Anten har den vore svært effektiv og vel verd å ta vare på, eller så har eg hatt minimalt med munnsår, for den gjekk ut i 2004. Der var også eit utal av kremprøver som ein får i blad eller når ein har vore på hudpleiesalong eller parfymeri. Dei med mistenkjeleg hardt innhald vart straks kasta, nokon lagt i toalettveksa til neste Oslo-tur. Greit å sleppe å drage med seg store tuber med krem og styr.

Då eg var ferdig, var det att berre 5 kategoriar i skuffa. Ein kategori vart flytta ned i skuffa under, resten vart hatt saman med artsfrendar andre stader i huset. Eg kan konstatere at eg har vel 40 barberblad til disposisjon, 6 flasker bodylotion og ikkje minst 4 negleklipparar. Og eg som trudde eg hadde misst alle. Og så skal eg jammen høyre med Renate om ikkje vi skal stripe håret mitt snart.


 
 
 

Comments


101 ting er for deg som vil vere med når eg for eksempel:

 

- ryddar ut og opp

 

- skal lære å bruke mindre

 

- lagar noko

 

- hoppar i det

 

- spekulerer på ting

 

 

 

 

 

 

© 2016 by Vibeke Kroken. Proudly created with Wix.com

bottom of page