Skadefryd er ekte glede
- Vibeke
- 15. apr. 2016
- 4 min lesing
Har du nokon gong starta ei setning slik: Eg skal i alle fall ikkje ha på meg at…. Denne starten på ei setning har blitt ein spøk mellom Judith, Renate og meg, fordi det er noko vi snakkar litt om - kvifor seier vi dette?
Eg brukar den ofte på eiga hand óg, som om det var ein grammatikktest – passar dette inn? Lat meg illustrere med eit eksempel: Å skilje mellom bruken av ”å” og ”og” kan vere vanskeleg. Då brukar eg gjerne ”fortidstesten” for å sjekke (sånn til opplysning så står ”å” alltid framfor infinitiv, ”og” gjer det av og til).
Skal du ut og/å ake på akebrett? I går var du ute og akte på akebrett. Då har eg lært at det er rett å bruke ”og”.
Vil du slutte å/og knise? I går slutta du å knise. Då skal det vere ”å” (ref ”å” alltid framfor infinitiv).
(Kjenner at det kanskje var litt pussig å bruke det som eksempel, men i mitt hovud heng det på greip).
På tilnærma same måten testar eg altså mine eigne mål med å sette inn: Eg skal i alle fall ikkje ha på meg at… når eg vurderer ting eg skal ta til med. Om eg får kjensla av å legge stor vekt på kva andre skal syns, så vurderer eg det heile på nytt.
Eg skal ikkje ha på meg at… seier altså noko om kva vi vil andre skal tenke om oss. Eg forstår og erkjenner behovet for å verte omtala positivt og bli anerkjent for det ein er eller gjer. Eit menneske treng å bli sett, hørt og respektert – å føle seg verdsett. Kjensla av å bli sett pris på og medrekna, er livsnødvendig og avgjerande for korleis til dømes eit barn utviklar seg. Veks ein opp utan erkjenning frå dei rundt seg, skal det noko til å klare å verdsette både seg sjølv og andre.
Vi skal likevel vakte oss vel for å bli for avhengige av andre sine ”likes”. Eg kjenner jo på det sjølv. Om ingen gir meg ein tommel opp for bloggen, etter at eg har brukt tid, personlege tankar og mental energi på å få den til, så er det ikkje ei særleg god kjensle der og då. Eller, eg startar yogatrening og det viser seg at ingen vil kome. Kjipt. Og litt sårt. Skal eg då fnyse og seie: Eg skal i alle fall ikkje ha på meg at eg ikkje prøvde. Eg skal i alle fall ikkje ha på meg at eg ikkje gjer noko for å få aktivitet i bygda. No er det jaggu nokon andre sin tur! Kven er det eg gjer det for?
Det er ikkje alle andre sin feil om eg ikkje får det til. Ein kan bruke tid og energi på å dele eigne synspunkt og erfaringar for å få folk til å skifte meining eller bli med, men ein kan aldri tvinge andre til å endre seg.
Den einaste ein kan endre, er seg sjølv. Spesielt i møte med andre menneske. Vil vi ha ein god dag på jobb, på skulen, i kvardagen, så drit i idioten som køddar det til. Eller, vi kan endre taktikk på korleis vi møter idioten, vi kan velje å ikkje vere der idioten er – sjølv om det kan bety at vi sjølve må gjere drastiske endringar i livet vårt. Pick your fights - dei kampane vi skal ta er veldig ofte våre eigne. Ein idiot er ein idiot heilt til han eller ho vel å vere noko anna, men det er vi som vel korleis det skal påverke oss.
Motgang gjer sterk, heiter det. Det er likevel mange som ikkje blir sterkare av motgang. Der er nokon som rett og slett ikkje har ressursane som skal til. Då er det ikkje rart om ein bukkar under. Om vi kjenner nokon som har det slik, så kan vi velje å vere den ressursen dei manglar. Men desse er ikkje i fleirtal.
Eg trur derimot at dei fleste av desse manglar noko så essensielt som nok vilje til å kome seg gjennom motgangen. Ein lullar seg heller inn i stakkarslege tankar, og enda verre - bitterheit. Det var ikkje mi skuld! Det er ikkje min feil at alle andre er idiotar! Det er ikkje min feil at eg tenar for lite pengar! Kvifor skal alt gale hende med meg! Det er alltid eg som må gje meg! Då gjer motgang oss svakare. Då har ein også lettare å glede seg over at det går gale med andre. ”Skadefryd er ekte glede”, seier ei eg kjenner. Ho meiner det ikkje, men det er likevel eit utsegn å tenkje over. Det er i alle fall ei ekte kjensle. Om den gjev oss glede, er det på tide å tenke seg om.
Har vi vore utsett for noko urettferdig, irriterande eller vondt, så kan vi prøve å gjere det til noko som gjer oss sterkare. Være takknemlig. Ikkje overfor jækelskapen vi er blitt utsett for, men overfor oss sjølve som brukar erfaringane våre til å komme oss opp, over og vidare. Sjølvsagt har vi lov til å bryte saman, vere svake, kjenne bitterheit, søke hjelp, grine så det sprutar, kjenne litt på skadefryd og forbanne alt og alle. Men lat det vere ein del av prosessen, ikkje lat det bli resultatet.
Om ein maktar å ta jobben med å kome seg gjennom motgang, så gjer motgang sterk. Den gjer deg i stand til å sjå livet frå enda eit nytt perspektiv, sjå andre si sak og vi står betre rusta neste gong vi skal opp ein motbakke. Då evnar vi også å gje litt meir f... - med eit smil. Eg trur til og med vi blir betre menneske.
Comments