top of page

Andre bollar...

  • Vibeke
  • 19. aug. 2016
  • 5 min lesing

No har det vore stilt på bloggen ei stund. Litt lenger enn det som var tenkt, men sånn er det. Grunnen er ikkje at eg ikkje har noko på hjartet, det har eg stort sett alltid, men eg har måtte konsentrere meg om viktige og litt vansklege ting. Eg likar ikkje å sleppe frå meg såkalla venstrehandsarbeid – i mitt tilfelle blir det høgrehandsarbeid sidan eg er keivhendt – og hovudet mitt har hatt altfor mykje å gjere på. Det er nemleg tid for andre bollar.

Jobb eller berre jobb…

Eg har ofte tenkt at det kunne vore sytelaust å ha ein jobb som ikkje krev så mykje hjernekapasitet for å utføre. Litt dumt og arrogant sagt kanskje, for hjernen vår jobbar vel på uansett kva arbeid vi utøver. Lat eg seie intellektet i staden. For eksempel det å sitte ved ei maskin og file nøklar dagen lang. Eg veit om ein som gjorde det, år ut og år inn, 7,5 timar kvar dag. På spørsmål om det ikkje vart eit vel einsformig liv, så svarte han tvert imot – med ein så lett og lite krevjande jobb, hadde han massevis av overskot til å drive med favorittsyslane sine på fritida. Han var trenar for fleire lag i det lokale idrettslaget og la ned ein kjempeinnsats der – til glede for svært mange barn og unge, og han sjølv. Det gjorde livet hans rikt, og jobben var med på å gje han den moglegheita.

Eg er ikkje skrudd saman slik. Eg kan ikkje la ein så stor del av livet mitt som jobben trass alt er, ikkje vere interessant eller gjevande. Di mindre eg brukar hovudet eller det eg har av kreativitet, dess mindre godt fungerer eg. Det er som om eg må starte oppatt på lavt gir når eg har vore «tankelaus» ei stund, eg må finne dei rette «koblingane» i hovudet før eg kan starte på nytt. Det syns eg er svært kjedeleg og modalaust. Eg føler meg dum, rett og slett, og eg trur ikkje det blir betre med åra.

Di meir eg brukar hovudet derimot, dess meir interessant, spennande og kreative vert dagane. Til tider klarer eg nesten ikkje stoppe, og det kan fort gå ut over nattesomnen. Likevel kjennest det godt, og eg anar ein flik av det gode liv når det står på som verst. Difor ser eg det som naudsynt å ha en jobb der eg får brukt denne delen av meg i stor grad.

Når eg dovnar vekk i hovudet, er det lett for at det same skjer med kroppen. Di meir eg sit i ro, dess vanskelegare vert det å kome seg opp og i gang. Det blir enklare og enklare å trykke på «neste episode starter om 20 sek»- knappen og ein sig berre lengre ned i sofaen.

I sofaen kjem gjerne matlysta sigande. Sånn ein time ette­­­r eg skulle ha vore i seng vaknar fysen, og det endar med at eg legg meg på ein mage full av brødskiver med fårepølse og majones, eller endå verre – kokesjokolade og rosiner eller anna eg finn i skuffa. Kombinasjonen tørka aprikoser og marsipan er og prøvd. Då er det heller ikkje lett å få ein god start på neste dag.

Dette er kjende problemstillingar for fleire, vil eg tru.

Jobben min har endra seg svært mykje. Ei tid var arbeidet utfordrande, spennande, kreativt, lærerikt og nyskapande. Det vart spedd med litt naudsynt rutinearbeid, som var kjærkomne pausar opp i alt. Då kunne eg sette meg til å «trykkje på knappane» medan eg høyrde på musikk, radioteater eller ein debatt på P2, eller kanskje med samiradio som bakgrunnslyd (samisk er nydelig å høyre på).

På min jobb vart det naturleg nok endringar etter at Jonny døde seint i 2014, både på det personlege og det profesjonelle planet. Det skulle berre mangle. Det var mykje som måtte takast igjen, og endringar som måtte gjerast. At jobben min skulle gå frå å vere ein stor, interessant, spennande og viktig del av livet mitt, til å bli noko eg til tider berre måtte halde ut, hadde eg likevel ikkje venta. Det var vondt å oppleve. Det gjorde meg sint, lei, skuffa, vantru og ikkje minst gav det meg eit relativt kraftig skot for baugen, både for intellektet og sjølvkjensla.

Kva skulle eg gjere?

Det er noko som heiter «pick your fights». Eg hadde mange samtalar med meg sjølv: Rolig no Vibeke, pass på så du ikkje bryt ut i eit eller anna impulsivt føre og gjev nokon ein grunn til å bestemme endå meir over livssituasjonen din. Ta kontroll over kva som hender, og styr etter det. Kanskje skal du berre halde fram slik? Prøv å gjere det du no er sett til å gjere, gå heim og ver fornøgd. Gjer det, enn så lenge. Tenk på dei i oljen som ikkje har jobb. Det er nok­­­­­­ ikkje så gale at det ikkje er godt for noko. No treng du ikkje ta med jobben heim. Bruk energien din på noko anna.

Valet eg gjorde i januar vart avgjerande for korleis eg har det no. Eg kasta meg, som tidlegare omskrive, ut i ei yogautdanning. Og takk og lov for det. Med den utfordringa og det fokuset eg fann i meg sjølv der, var til stor hjelp i tida som kom.

Heldigvis var der herlige kollegaer som var gode å prate og le med, noko som gjorde arbeidsdagen relativt fin. I trygge omgjevnader saman med vener og familie over ein kaffikopp, ein biltur eller djupt ned i nokre raudvinsflasker, vart der mange, mange, mange samtaler med forbanning, sjølvpining og moglegvis tendensar til sutring, frustrasjon, galgenhumor og resignasjon, men også optimisme og klare tankar. Eg prøvde heile tida å halde hovudet klart, vere klar over situasjonen.

Men det kunne ikkje gå i lengda. Eg slutta å virke som eg skulle. Sjølv kor spirituelt det måtte høyrest, så takkar eg Sri Pattabhi Jois for Ashtanga Yoga, lærar Basia Lipska Larsen for trua, Mikkel Dahl Lund for sthira og Karin Mæland for Sutraene. Det var akkurat det eg måtte ha for å halde meg flytande i denne tida. Namaste.

Yoga hjelper veldig for den som treng å roe ned:)

Det skal mange dråpar til for å fylle begeret mitt. Den siste store dråpen var eit heilt konkret møte på jobben. Eit møte der eg tidlegare ville hatt ei naturleg og deltakande rolle.

Rolla mi denne gongen vart å servere lunsj.

Eg gret mine modige tårer då eg kom heim, eg medgjev det. Det var uendeleg sårt. Ikkje berre fordi eg fekk konstatert at eg ikkje lenger var ein å rekne med, men fordi det stadfesta dei tankane eg hadde hatt, men håpt ikkje ville bli verkelege. Eg gret også fordi eg visste at no var det på tide å gje seg, der eg har hatt nokre av mine beste opplevingar som arbeidstakar.

Eg sa opp jobben min.

No er det ei veke sidan siste dag på jobb. Eg kan ikkje sei anna enn at dagane har vore herlige og utan eit sekund av anger. No startar ei uhyre spennande tid i ny bransje – og med heimekontor. Heimekontor er ei utfordring i seg sjølv, men eg veit verdien av struktur og gode rutinar så det er her eg må legge ned største innsatsen i starten. Men tida som kjem MÅ bli kreativ – for eg skal då tene pengar og dei kjem ikkje av seg sjølv med den vegen eg har valt. Tida vil óg bli fylt av yogatimar, både på matta heime men også i eit par shalaer i kommunen. Det blir krevjande, lærerikt og uhyre spennande. Akkurat slik eg likar det.

Commentaires


101 ting er for deg som vil vere med når eg for eksempel:

 

- ryddar ut og opp

 

- skal lære å bruke mindre

 

- lagar noko

 

- hoppar i det

 

- spekulerer på ting

 

 

 

 

 

 

© 2016 by Vibeke Kroken. Proudly created with Wix.com

bottom of page