top of page

Draumefangar

  • Vibeke
  • 28. sep. 2016
  • 5 min lesing

Ikkje føl draumen din! Dette er oppfordringa frå Aslak Sira Myhre i ei meiningsytring i Dagsavisen for ein god månad sidan. Eller, du kan få lov til å følgje draumen din om den er ekstremt realistisk. Som at du drøymer om å få vaske golv, jobbe på Rema, bli lærar og så vidare - då er det greitt. Det er vel stort sett det som er rekna som realistisk, skal vi lese bokstavrett det han skriv.

Eg har sansen for Aslak Sira Myhre, sjølv om der er mange saker eg ikkje kan einast med han om. Dette er ein av dei.

Å følgje ein draum resulterer ikkje nødvendigvis i at draumen vert realisert. Om mine draumar (ja, eg har hatt meir enn ein) hadde gått i oppfylling, hadde eg no vore ein pensjonert prima ballerina, men framleis aktiv og verdskjend pianist, samt dirigenten til – eller i det minste solist i - Berlinersymfonien. På dagtid hadde eg vore ambassadør i USA, BFF med salige mor Theresa og fredsmeklar i Sudan. Dessutan verdas første supermodell på 163cm og BMI på akkurat rundt max-målet, og mest truleg gift med Leonardo di Caprio. Litt usikker på den siste der, for der har jo eit par andre kandidatar på draumelista. Men la gå, ein kan ikkje få alt.

Eg kan avsløre at eg korkje er supermodell, ballerina eller nokon dirigent å snakke om. Draumen om å danse ballett gjorde likevel til at eg brukte timar framfor TVen for å få eit glimt av dansarane i Søndagsmatineen på NRK. Mellom dansescenene fekk eg med meg mykje hjarte og smerte frå operascenen - og saman med det, nøklar til andre delar av den kulturelle rikdomen som finnest der ute. Draumen om å bli dirigent gjorde at eg i ein alder av 5-6 år, i eit selskap med berre vaksne røyste meg og bad alle vere heilt stille: Hysj! No kjem det som er så fint! Skuffelsen var stor då vertinna med det vart merksam på at radioen stod og spelte klassisk musikk, og sa: Uff, står det skrammelet på enda? – og slo av radioen. Ho hadde sikkert aldri drøymt om å spele i orkester.

Draumen om å utøve musikk har ikkje teke meg til Berlin, men eg har spelt i Wien. Eg har vore ein del av fantastiske musikkopplevingar – både for meg og for dei som har høyrt på. Ikkje i eit symfoniorkester, men i eit lokalt korps ilag med andre som heilt sikkert har hatt same draumen som meg. Om draumen ikkje tok meg til stjernehimmelen, så har den likevel teke meg til stader eg elles ikkje ville ha nådd – og som eg har hatt enorm glede og lærdom av.

Eldste dotter mi har hatt ein draum om å bli dansar. Ho gjekk på musikk, dans og drama-linja på Sandane. Ho er ei av desse Aslak Sira Myhre meiner det er altfor mange av, og som stort sett gjer dette av egoistiske grunnar. Dette seier den karen som, då han var på dotter mi sin alder, var villig til å gå til væpna revolusjon for å få det som han ville - om det skulle bli nødvendig. Eg tenkjer den typen egoisme har langt større negative konsekvensar enn ein Billy Elliot som berre vil danse, danse, danse. Draumen hennar har teke henne gjennom tre år på VGS - ei fantastisk tid - ei vanskeleg tid - ei tid med gode og dårlege val. Ho er heller ikkje prima ballerina, men dansar og lærer bort dans til andre og gler seg over det. Det å følgje draumen har gjeve henne opplevingar, erfaringar og visdom som ho no praktiserer, og reflekterer over i nye val som skal takast. Og ho er framleis berre 21 år.

Og så er det eg som forelder som skal vere der for henne. Ikkje for å rive sund draumane hennar, men fortelje, med klump i magen, om livets harde realitetar, om kva eg trur skal til for at ho skal klare å nå draumane sine. Eg skal diskutere med henne kor vidt eg trur eller ikkje trur at ho har det i seg å klare det. Eg er den som skal gje nytt mot når det buttar, trøyste når det går gale, skjenne litt når ho toskar det til, støtte når ho gir opp og eg skal juble høgast av alle når det går i boks.

Men det er hennar val, anten det er godt eller dårleg.

For all del, eg har råda henne til å bli sjukepleiar. Eit fantastisk yrke, og sikker jobb i all æva, amen. Fornuftig. Men når eg ser kvar interessene hennar peikar, kva draumane hennar er og kva som får henne til å stråle, skal eg då ikkje støtte henne i også det?

Sira Myhre skriv at det er på grensa til djupt umoralsk å be folk følgje draumen sin. Å be ungane sine om å berre tenke fornuft og realisme, meiner eg er å klippe av dei vengane og nekte dei ein prøvetur. Turen kan ende i krasjlanding, men kva om den let dei segle av garde?

Han skriv også at «Det er mange nok som tror at livet kan leves lykkelig fra fødsel til død om man bare gjør de rette valgene». Søte deg Aslak, du vil jo ikkje ein gong gje dei noko val. Og dessutan – den illusjonen går fort opp i røyk. Det er ikkje veldig mange som står ved eit mentalt vegkryss og tenkjer «no skal eg velje noko som vil vere heilt feil for meg, enda ein gong». Ein trur vel stort sett at ein gjer det ein trur er rettast på eit eller anna nivå – i det ein gjer vala sine, også du.

Det er fullt mogleg å følgje draumane ein har og samstundes vere realistisk, og det blir ein betre og betre på saman med noko vi kallar erfaring. Det er ungane våre sin fordømte rett å gjere seg desse erfaringane! Vi kan luke vekk nokre feller med å fortelje om dei, men igjen – det er deira val.

Eg er samd i ein ting som Sira Myhre seier. Lær ungen din å vere snill. Å vere snill er undervudert. Om du lærer barnet ditt å vere snill, vil ikkje denne egoismen, som Sira Myhre er så redd for, bli skadeleg for nokon.

Aslak Sira Myhre, lat både born og folk elles få gå etter draumane sine om dei har mot til det. Skaff deg ein sjølv. Kan det vere at dine vart knust utan at du var førebudd på det – og at det er dette du vil spare ungane dine for? Forståeleg nok for eit stort pappahjarte, men det er ikkje din rett. Draumane kan ta oss til fantastiske plassar i livet og dei kan lære oss uendeleg mykje, sjølv om vi går på trynet og korkje blir verdskjende pianistar eller supermodellar.

Eg har framleis nokre som stadig dreg meg vidare.

Når det er sagt; ytringa til Sira Myhre er vel verd å lese. I mine auge er han ein mann med relativt bastante meiningar, og med det ein kar med mange tankar med stort rom for refleksjon.


 
 
 

Comments


101 ting er for deg som vil vere med når eg for eksempel:

 

- ryddar ut og opp

 

- skal lære å bruke mindre

 

- lagar noko

 

- hoppar i det

 

- spekulerer på ting

 

 

 

 

 

 

© 2016 by Vibeke Kroken. Proudly created with Wix.com

bottom of page