Kva no?
- Vibeke
- 5. jan. 2017
- 5 min lesing
Så er det gått eitt år. Det manglar berre ein dag på at eg har blogga i den avgrensa perioden eg sette som nyttårsforsett for året 2016. Eg har no lest gjennom alle innlegga mine. Hyppige og inspirerte i starten. Så roa det seg noko ned når hovudinteressene var omtala. Så vart det stilt ei god stund.
Det som står klart for meg etter å ha lest innlegga - og sett frekvensen på dei - er kor tydeleg dei avspegla livet mitt i 2016. Med 22 innlegg (inkludert dette) har eg belegg for å seie det.
Høgt oppe og langt nede - gode tider og vansklege tider. Når eg ser på føringane eg la for bloggen i starten, ser eg at eg har klart noko - anna ikkje. Av og til leikar livet, av og til gjev det deg ein solid klask på nasen, og av og til putlar og går det sin jamne gong.
Eg har ikkje klart å vere så kreativ som eg ville. Eg trur det er fordi eg har måtte fokusere så voldsomt på å halde ut den situasjonen eg hamna i på jobb. Eg har brukt mykje tankeverksemd på å bygge opp det eg skal ha som arbeid i framtida. Prioritering og rutiner har vore ekstemt viktig for å halde fokus og der har eg vore 90% god. Dei gode rutinene som handlar om å stå opp til rett tid, jobbe i økter, yoga og husarbeid, har vore gull verd. Om enn litt einsamt.
For 2016 har vore eit heise år.
Av gode ting så er det absolutt turane mine utanfor komfortsonen som har gjeve meg dei største opplevingane. Som å reise på ferie for å bu i stova til ei fullstendig framand dame, og oppdage at ho er noko av det kjekkaste og kulaste du har møtt. Å starte yogatimar som fersk yogi og få takksemd i bøttevis tilbake. Å halde 17. mai-tale ogfåså mange smil tilbake. Men ikkje alle like positive sjølvsagt. Der er iallfall ei som eg hugsar godt, fordi den tulla litt med sjølvkjensla mi . Eg kan avsløre at det var etter at eg tok mot til meg og spurte ein hyggeleg kar om han kunne tenke seg å treffast for at vi skulle bli betre kjende med kvarandre. Svaret hans var at det var han ikkje så interessert i, det var ei langt betre løysing å ta tida til hjelp. Vel, tida har gått, heilt utan at det har vore noko hjelp i, for meg iallfall. Så svartet var vel tydeleg nok, sjølv om eg ikkje oppfatta det heilt i starten - positivt innstilt som eg var. Men eg er ei erfaring rikare og eg kan smile av det, og så får vi heller sjå om eg tør å gjere det igjen ein gong.
Ein av dei verkeleg store hendingane i 2016 der eg gjekk utanfor komfortsonen, var å halde fram på yogakurset eg starta på i fjor vinter. Sjølv etter å ha følt meg som ein vraltande kval på land etter første kurshelga, beit eg i meg stoltheita og gauv laust på neste kurshelg. Eg er svært lukkeleg for at eg gjorde det, for det eg fann i yogaen, hjalp meg gjennom ei svært trasig periode på jobben, og fekk meg ut av den. No instruerer eg nokre timar i veka, med godkjent sertifikat frå Yoga Alliance.
Eg trudde verkeleg at eg skulle halde ut på jobb. Berre vere takknemlig for at eg hadde fast arbeid, gjere min daglege dunt og vere nøgd med sikker inntekt og greit med fritid. Men det gjekk ikkje. Å gå frå å føle at ein gjer eit viktig arbeid til å utføre noko kven som helst kunne gjort og føle at ein egentleg berre er i vegen, var skadeleg for sjela mi. Og det har vore tungt å kjenne seg åleine opp i det. Visst har eg både vener og familie som har vore der, men når alt kjem til alt så var det meg det handla om. Jada, eg treng nok å bli både høyrd og sett, eg medgjev det. Ei som ikkje vil vise igjen, startar neppe ein blogg...
Men no er det altså slutt på bloggen. Året som bloggar er omme.Der eg i fjor var ganske klar på kva eg bille med 2016, står det nye året framom meg som ganske diffust. Rammene er meir utydelege, mykje er mindre forutsigbart. Eg er nok ikkje like optimistisk som eg var i fjor. Noko av det eg må fokusere på i 2017 er å ikkje la kjensla av å vere einsam få bli sterkare. Sjølv om eg trivest godt med å få jobbe intenst og mykje på eiga hand, ser eg at det bør søkast intellektuelt selskap utover dei daglege pratane med hunden og stemmene frå NRK P2. Om eg ikkje er der enno, så er det kanskje ikkje lange vegen til gamle Anna, som sat i gyngestolen i stova til mommo og førte samtalar med ankermannen i Dagsrevyen. Og når eg først er i gang - eg skulle vel strengt tatt hatt ein kjærast. Dette er første gongen eg har sagt det høgt, men eg er nok ikkje skapt for å vere heilt aleine. Det er klart - godt på veg inn i mitt 47. år, så veks ikkje kandidatane på tre. Eg vil likevel ikkje vere så konkret at eg brukar utsegnet ei singel venninne gav far min då ha spurte om der ikkje var nokre kjekke karer i sunnmørsbyen ho hadde valt å slå seg ned: "Det er berre møkja igjen". Det er ikkje sant.
Men nyttår er no ein gong nyttår. Eg kan jo ikkje berre la det skure å gå; nokre planar og målsettingar må ligge der. Eg skal gjere mitt beste både når det gjeld jobb, økonomi, livskvalitet og samvær med vener og familie. Det betyr ikkje at eg må nå toppen i alt eg gjer, men målet er å kjenne at eg sit att med litt meir for kvar gong, at eg har strekt meg litt ekstra.
Når det gjeld jobb skal eg lære mykje, gjere grundig arbeid og legge til rette så vi kan tene gode pengar. Når det gjeld privatøkonomi skal eg betale ned meir gjeld, eg har sett meg eit mål til eg er 50. Pengane eg brukar på meg sjølv skal gå til kvalitet framfor kvantitet. I samvær med vener og familie skal eg legge vinn på at eg har noko ut av samværet, og at eg skal gje noko. Eg skal kutte ned på det og dei som tappar meg for energi. Det meste er i grunnen grei skuring, det handlar mest om kva innstilling eg går inn i oppgåvene med. Det betyr også at eg nok må ta steget utanfor komfortsona mi igjen. Sånn er det berre.
Eg vil takke alle som har vore innom bloggen min, lest eller skumma gjennom, eller hoppa av etter første avsnitt. Det er veldig morosamt å sjå på statistikken over kva sort menneske som er innom. Sjølv om det er desisert flest kvinner som "likar" bloggen, har det i perioder vore fleire menn enn kvinner som har lest den! Eg finn det veldig interessant...
Måtte de alle gjere 2017 til det året de vil det skal vere. Nirvana må oppsøkast, det kjem ikkje av seg sjølv.
Comments